Haugastøl stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugastøl stasjon
Haugastøl stasjon 1.jpg
Foto: Jan-Tore Egge
Stasjonsområde
Stad Hol (Viken)
Distanse 310,14 km. frå Oslo
Høgd 988 moh.
Opna 1908
Arkitekt Paul Armin Due
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Eigar(ar) Bane NOR
Operatør(ar) Vy Tog
Overgang
Haugastøl stasjon

Haugastøl stasjon er ein jernbanestasjon på Bergensbanen. Stasjonen ligg i Hol kommune i Viken, mellom stasjonane Ustaoset i aust og Finse i vest. Følgjer ein sporet over Roa ligg Haugastøl 275,5 km frå Oslo sentralstasjon. Stasjonen ligg 988 meter over havet. Vest for Haugastøl går Bergensbanen og Riksveg 7 ulike vegar, Bergensbanen tar den nordre ruta langs Hallingskarvet, mens Riksveg 7 går lengre sør fram til og gjennom Måbødalen.

Stasjonen i 1912.

Stasjonen vart opna i 1908. Stasjonsbygningen er teikna av jernbanearkitekten Paul Armin Due, og er ei krysning mellom nasjonalromantisk og jugendstil. Bygningen vart renovert i 1963, mellom anna vart det installert toalett. I 2002 fatta Riksantikvaren eit fredningsvedtak for både stasjonsbygningen og den tilhøyrande Sløtfjord voktarbolig.[1]

Rallarvegen har sitt utgangspunkt ved Haugastøl. Den var opphavleg ein anleggsveg bygd av rallarane som bygde jernbanen. Vegen er no ein populær gang- og sykkelsti i sommarmånadene, noko som gjer stasjonen forholdsvis stor trafikk sommarstid og stasjonen er delvis betjent i denne tida. Haugastøl er ikkje mellom de største stasjonane på høgfjellsstrekninga og ekspresstoga betjener ikkje stasjonen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  1. Melding om fredning for «Haugastøl stasjon og Sløtfjord vokterbolig på Bergensbanen, Hol kommune i Buskerud» Riksantikvaren

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]