Hauges Minde i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hauges Minde (Oslo))
Hopp til navigering Hopp til søk
Hauges Minde, mars 2010.
Foto: Vidar Iversen

Hauges Minde er ein bygard på Grünerløkka i Oslo. Han ligg i Sofienberggata og har adresse Olaf Ryes plass 2. Garden har namn etter lekpredikanten Hans Nielsen Hauge.

Bedehus[endre | endre wikiteksten]

Garden vart bygd i 1875 som bedehus av Christiania Indremissionsforening (no Kirkens bymisjon). Sekretæren i foreininga, Johan Storjohann, fekk idéen til eit bedehus i den sterkt veksande bydelen i januar 1874, og alt 23. desember 1875 kunne huset innvigast. Teglverkseigarane i byen gav 150 000 murstein til bygget, og arkitekt var Niels Stockfleth Darre Eckhoff. Bygningen er i tre høgder med fasade i pussa tegl. Dei to nedste høgdene utgjorde ein forsamlingssal med galleri. Bedehuset vart frå fyrste stund eit samlingspunkt for kristeleg arbeid på Grünerløkka.[1]

Latinskolen på Hauges Minde[endre | endre wikiteksten]

I 1880 slutta Storjohann i Kristiania indremisjon for å realisera sin nye idé: Latinskolen på Hauges Minde. Huset vart overdrege til skulen mot at indremisjonsforeininga framleis kunne få bruka huset til forkynnarverksemd. Skulen opna i august 1880 i tredje høgda i bygningen og retta seg særleg mot gutar frå bygdene og mot dei som tenkte på å bli prestar. Den største økonomiske støtta kom frå kvalfangarreiaren Svend Foyn som gav 16 000 kr til skuledrifta og 14 000 kr til kjøp av huset. Skulen hadde 2-årig gymnas og 2-årig mellomskule (frå 1884 eittårig). Eit 2-årig real-gymnasium kom dessutan i gang hausten 1894.[2]

På den høgre skulen gjekk mykje bygdeungdom.[3] Styraren for skulen 1899-1894, Christen Larsen Dahler, var positiv til målsaka og ein av initiativtakarane til Bondeungdomslaget i Oslo (1899). Bondeungdomslaget heldt møta sine på Hauges Minde den fyrste tida og hadde fleire medlemer i lærar- og elevflokken, mellom anna Marie Kviberg. Etterfølgjaren hans 1904-1910, I.A. Refsdal hadde òg godhug for målsaka. I eit innbydingsskrift frå skulen 1909 heiter det at «Skulen ser gjerne, at norske stilar vert skrivne paa landsmaal, og at landsmaal vert bruka i alle høve, so langt raad er. I tale brukar alle fritt heimemaalet sitt.»[4]

Mellom dei som fekk skulegangen sin her, finn ein professor Taranger, Oscar Albert Johnsen, legasjonsråd Wedel-Jarlsberg, Vetle Vislie, Trygve Lie og Gustav Indrebø.

Skulestyrarar:[5]

Lutherseminaret[endre | endre wikiteksten]

I 1883 sette Johan Storjohann i gang ein misjonspresteskule som skulle gje ei utdanning som på det næraste tilsvara Misjonsskulen i Stavanger (det såkalla Lutherseminaret).[6] Det vart rekruttert eit kull som fyrst fekk eit 2-årig kurs og deretter ei 3-årig teologisk utdanning. Dei unge mennene skulle deretter sendast som misjonsprestar til norske emigrantkoloniar i USA og Australia. Nabobygningen vart innkjøpt til dette føremålet, og mykje av pengane hadde Storjohann samla inn i USA. Lutherseminaret vart avvikla i 1888 då elevane hadde fullført utdanninga.

Soknekyrkje[endre | endre wikiteksten]

Den høgre skulen vart avvikla i 1918 etter at bygningen var teken i bruk som soknekyrkje. Hauge menighet vart utskilt frå Paulus med verknad frå 1. januar 1917, og frå påska 1917 vart Hauges Minde brukt som interimkyrkje. Bystyret vedtok 12. desember 1918 å kjøpa bygningen til dette føremålet, og heile bygningen vart no ombygd og teken i bruk som kyrkje og lokale og kontor for kyrkjelyden. Det var kyrkje her fram til 1938.

Seinare bruk[endre | endre wikiteksten]

Under andre verdskrigen heldt ein del av det tyske propagandaapparatet (Abteiling für Volksaufklärung und Propaganda) til i bygningen. Seinare var det ungdomsherberge, kvinneherberge og krisesenter her.

Dei seinare åra har garden stått tom og forfalle. Han er eigd av Oslo kommune. I 2007–08 vart det lagt fram planer om å nytta huset til kunstføremål (galleri, atelier) og bustad. Bydel Grünerløkka har vedteke at han bør brukast til forsamlingslokale for området.

I oktober 2008 var garden okkupert ein kort periode.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Selmer 1926
  2. Selmer 1926
  3. Arkivet til skulen ligg i Oslo byarkiv
  4. Skolen paa Hauges minde. Oprettet 1880. Kristiania 1909, s. 10
  5. Selmer 1926
  6. Selmer 1926, Golf 1996, s. 98

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]