Marie Kviberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marie Kviberg, truleg fotografert kring 1900. Ukjend fotograf

Marie Kviberg (Marie Lovise) (19. februar 1874august 1956),[1] var lærar, målkvinne og initiativtakaren til den fyrste kaffistova.

Kviberg var fødd i Borge i Østfold som dotter av gardbrukar Hans Ludvig Larsen Kviberg (1849–1917) og Karen Pedersdatter Heia (1848–1929).[2] Eit av syskena var skulemannen, sosialdemokraten og målmannen Per Kviberg. Som 11-åring flytte ho med familien til Kristiania og voks opp under tronge kår.[3]

Marie Kviberg tok lærarutdanning utan at det er kjent kvar ho gjekk og når ho tok eksamen. Sist i 1890-åra kom ho med i norskdomsrørsla i hovudstaden. I oktober 1899 var ho med på skipinga av Bondeungdomslaget i Oslo. Margit Sletten (f. Bruun) vart kjend med Kviberg på skipingsmøtet i laget 15. oktober 1899 og skriv at "i alle fall ein lagsmann, Marie Kviberg, tok det som si uppgåve at ingen i laget skulle kjenna seg framand og einsleg." Kviberg vart vald inn i den førebuande arbeidsnemnda på møtet, og ho sat òg i det fyrste lagsstyret (1899-1901). I 1901 heldt ho føredrag om "Kvendi og samfundsarbeidet" i Bondeungdomslaget.[4]

Kviberg var den som kom med ideéen om at Bondeungdomslaget skulle byrja med kafédrift,[5] og ho var ein av tre medlemer i det fyrste forretningsstyret for Kaffistova som opna i 1901. Den fyrste styraren for kaffistova var Anna Hansen, fødd Kviberg, som truleg var storesystera til Marie.

Margit Bruun hevda i 1929 at Kviberg arbeidde som lærar ved Hauges Minde. Dette var misjonsskulen, gymnaset og mellomskulen til indremisjonen på Olaf Ryes plass på Grünerløkka[6], og det var ein av dei høgre skulane i Kristiania der målsaka stod sterkast. Styraren, Christen Larsen Dahler, var ein av initiativtakarane til Bondeungdomslaget.

Meir sikkert er det at Kviberg 1898-1903 arbeidde ved Torshaug offentlige aandssvageskole på Torshov.[7] Tvillinginstitusjonen, Institut for aandelig abnorme Gutter på Lindern, flytte i 1903 til Levanger etter at staten overtok drifta. Kviberg byrja då her og var med på flyttelasset, og ho arbeidde ved Røstad skole til 1. januar 1914. Då ho slutta, fekk ho 600 kr årleg i vartpengar frå Staten.[8]

Marie Kviberg kjøpte Ingerholmen på Hvaler i Østfold i 1920 (søndre del) og i 1921 (nordre del med hus, naust, fjøs og låve.) Her hadde ho 2-3 kyr og opptil 8 sauar og nokre høner. Vinterforet vart slått med ljå og bore i hus over berg og knausar. Hennar bror Per var ofte med i slåtten. Marie kom på Hvaler pleieheim i 1951, seinare i pleie i Oslo til sin død. Marie var mest sannsynleg også periodevis vikar i Osloskolen ved Sedsvoll skole fram til 1940.

Ho døydde ugift i Oslo og vart bisett i Det gamle krematorium torsdag 23.8.1956.[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bisett 23. august, jf. Aftenposten, 23.8.1956
  2. Kyrkjebok for Borge 1861-1874, s. 142 (Digitalarkivet)
  3. Utdjupande artikkel om Per Kviberg på snl.no
  4. Bondeungdomslaget gjenom 30 år, s. 50
  5. Klaus Sletten: «Kaffistova. Ti aar», Den 17de Mai, 12.9.1911, med foto av Kviberg
  6. Sletten 1929, s. 29
  7. Sølvberg 1945, s. 136, jf. Folketeljinga 1900 for Oslo (Digitalarkivet)
  8. Folkteteljinga 1910 for Skogn (Digitalarkivet), Aftenposten, 20.1.1914.
  9. Aftenposten, 23.8.1956

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Bakke: «Forretningane aat Bondeungdomslaget». I Bondeungdomslaget i Oslo. 30-årsskrift, Oslo 1929, s. 173.
  • Margit Sletten: «Minne frå fyrste åra i Bondeungdomslaget». I Bondeungdomslaget i Oslo. 30-årsskrift, Oslo 1929, s. 29-30.
  • Sølvberg, Lauritz: Johan Anton Lippestad og hans verk. Et bidrag til åndssvakeskolens historie i Norge gjennom 100 år. Oslo 1945.
  • Alf Taraldsen: Røstad skole Levanger 1903-1992. Skole og heim gjennom 89 år. Levanger 1994.
  • Eli Bjørhusdal: Målkvinner før 1900, Volda 2001, s. 178.
  • «Mysteriet Marie Kviberg», Jostedalsrypa. Blogg frå bygda, 7. januar 2011 (med bidrag i kommentarfeltet m.a. frå Dag Hundstad).