Heidi Weng
| Heidi Weng | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 20. juli 1991 (34 år) Ytre Enebakk |
| Idrett | langrenn, friidrett |
| Tok del i | Ski-VM 2013, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 10 kilometer klassisk kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 30 kilometer fristil kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 15 kilometer skiathlon kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 4 x 5 kilometer stafett kvinner, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Langrenn under Vinter-OL 2018 – Sprint kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2018 – 10 kilometer fristil kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2018 – 30 kilometer klassisk kvinner, Langrenn under Vinter-OL 2018 – 15 kilometer skiathlon kvinner, Ski-VM 2021, Langrenn under Vinter-OL 2026 – 20 kilometer skiatlon kvinner |
Heidi Weng (fødd 20. juli 1991) er ein norsk langrennar frå Enebakk. Ho tok bronsemedaljen på 15 km under Ski-VM 2013, og gjekk for det norske laget som vart verdsmeistrar på 4 x 5 km stafett. Weng representerer IL i BUL, tidlegare var ho medlem av Idrettslaget Driv.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Weng var i 2010 med på det norske stafettlaget som i Hinterartzen vart verdsmeistrar for juniorar, i same meisterskapen fekk ho sølv i det individuelle rennet over 10 km. I januar 2011 deltok ho i junior-VM på ski i Estland. Her vann ho gull på 10 km og i stafett, og fekk bronse på 5 km fristil, bakom landsmanninene Ragnhild Haga og Kari Slind.
Etter fleire sterke prestasjonar i verdscuprenn i 2012-sesongen fekk ho sitt gjennombrot då ho 3. mars 2012 vart nummer tre på 15 km i Lahti, berre slått av landslagskollegaene Therese Johaug og Marit Bjørgen. To veker seinare tok ho endå eit steg opp på pallen, då ho kom på andreplass i mini-tour-rennet i Falun. Marit Bjørgen kunne ho ikkje gjere noko med, men ho spurtslo svenske Charlotte Kalla og norske Therese Johaug.
Weng hevda seg i verdscupen i langrenn gjennom heile 2013-sesongen. Ho vart nummer tre i Kuusamo i byrjinga av desember og fekk same plasseringa på 10 km i Lahti tidleg i mars. Før ho kom så langt, hadde ho teke bronsemedalje på 15 km under ski-VM 2013 i Val di Fiemme og vorte verdsmeister i 4x5 km stafett for Noreg. Weng gjekk fyrsteetappen på det norske stafettlaget, sidan fullførte Therese Johaug, Kristin Størmer Steira og Marit Bjørgen den norske triumfen. Etter Lahti-spelen kom Weng på fjerdeplass på tremila i Holmenkollen og i minitouren i Falun.
Under noregsmeisterskapen 2013 tok Weng sine fyrste individuelle medaljar. I januar månad fekk ho bronse på 15 km, medan ho i mars tok sølv på 30 km.
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-VM 2013: Bronsemedalje på 15 km, gullmedalje i stafett, nr 4 på 30 km og nr 6 på 10 km
- Vinter-OL 2014: Bronsemedalje på 15 km
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
[endre | endre wikiteksten]- Ski-NM 2010: Nr 6 på 10 km i Stokke
- Ski-NM 2011: –
- Ski-NM 2012: Bronsemedalje på 30 km i Fauske
- Ski-NM 2013: Sølv på 30 km og bronse på 15 km
- Ski-NM 2014: Sølvmedalje på 10 km, bronse på 15 km og i sprint på Lillehammer
- Ski-NM 2015: Gullmedalje på 15 km og 30 km, bronse på 10 km
- Ski-NM 2016: Gullmedalje i sprint og sølv på 30 km
- Ski-NM 2017: Sølv i sprint og bronse på 15 km
- Ski-NM 2018: Nr 14 på 5 km i Alta
- Ski-NM 2019: Nr 4 på 10 km i Meråker
- Ski-NM 2020: Nr 5 på 10 km og i sprint
- Ski-NM 2021: Sølvmedalje på 15 km i Trondheim
- Ski-NM 2022: –
- Ski-NM 2023:
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Einskildkvinner
- Fødde i 1991
- Norske langrennsløparar
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2014
- Norske deltakarar under vinter-OL 2014
- Langrennsløparar under vinter-OL 2014
- Norske deltakarar under vinter-OL 2018
- Langrennsløparar under vinter-OL 2018
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2026
- Norske deltakarar under vinter-OL 2026
- Langrennsløparar under vinter-OL 2026
- Folk frå Enebakk