Helena, dotter av Konstantin den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helena
Helena.jpg
Fødd4. hundreår
Dødnovember 360
Vienne i Isère
LandRomarriket, Austromarriket
MorFausta
FarKonstantin den store
EktefelleJulian den frafalne

Helena, død ca. 360, var ei romersk keisarinne som var dotter av Konstantin han store og kona til keisar Julianus Apostata (Julian den fråfalen).

Helena var dotter av Konstantin I og kona hans Fausta.[1] Ho var syster av Konstantin II, Konstans II, Konstantius og Constantina[2] og halvsyster av Crispus.[3]

Besteforeldra på farssida var keisar Konstantius Khlorus og Helena.[4] Besteforeldra på morssida var keisar Maximianus og Eutropia.[5]

Helena blei gift med Julianus i 355 som del av ein allianse straks etter at han blei utnemnd til medkeisar (cæsar), og følgde han deretter til Gallia. Paret fekk ingen barn som levde opp. Helena blei gravid, men spontanaborterte, ifølgje ein del romerske historikarar fordi ho var blitt forgifta eller fordi jordmora var muta til å drepa barnet. I 357 vitja ho Roma med resten av keisarhuset.

Helena døydde ein gong etter 360. Leivningane hennar blei frakta til Roma og gravlagde på same staden som systera Constantina, ved Via Nomentana.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]