Helena Jonsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Helena Ekholm)
Hopp til navigering Hopp til søk
Helena Jonsson i 2008

Hanna Helena Jonsson (fødd 6. september 1984), gift Helena Ekholm i 2010, er ein svensk tidlegare skiskyttar frå Helgum i Sollefteå kommun i Västernorrlands län. Ho vann tre gullmedaljar, ein sølvmedalje og tre bronsemedaljar i fire ulike VM i skiskyting i tida 2007-12. Jonsson vann verdscupen i skiskyting 2009, og sigra i 13 renn i verdscupen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Helena Jonsson vart lagt merke til då ho i 2006-sesongen oppnådde ein fjerdeplass på 15 km i verdscupen. Under VM 2007 i Antholz gjekk ho første etappen på Sveriges lag som vann gull på mixstafetten, dei andre på laget var Anna Carin Olofsson, Björn Ferry og Carl Johan Bergman. I den såkalla sprintøvinga kom ho på fjerdeplass. Få veker etter VM, i mars 2007, vann ho sin første verdscupsiger då ho gjekk til topps i det siste rennet for sesongen, fellesstarten i Khanty-Mansijsk.

Den 4. desember 2008 tok Jonsson sin andre internasjonale siger, på 15-kilometeren i opningsrennet i verdscupen i Östersund. Same sesongen tok ho gullmedaljen på jaktstarten og bronsen på fellesstarten i verdsmeisterskapen, dessutan vann ho til saman fire renn i verdscupen og sikra seg trofeet som verdas beste kvinnelege skiskyttar i 2009.

OL-sesongen 2010 opna Jonsson sterkt og vann fire tevlingar i verdscupen. Seinare i sesongen gjekk det tråare og ho lukkast lite i OL. Gifte Helena Ekholm vann 15 km under VM i skiskyting 2011 i Khanty-Mansijsk, og tok bronse på jaktstarten. Sigeren på 15 km var han hennar 13. og siste i noko verdscuprenn, og kom på same staden der ho fire år tidlegare tok sin fyrste rennsiger. I sin siste sesong, 2012, fekk ho bronsemedaljen på 15 km og vart nummer fire på den halve distansen under VM i Ruhpolding.

Helena Jonsson vart tildelt både Svenska Dagbladets gullmedalje og Sveriges Radios Jerringpris for 2009.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar