Helene Olafsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helene Olafsen

LG Snowboard FIS World Cup (5435318599).jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. februar 1990 (32 år)
Oslo
Idrett snøbrettkøyring
Tok del i

Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014

Utmerkingar

Karolineprisen

Helene Olafsen (fødd 21. februar 1990 i Oslo) er ein norsk programleiar og tidlegare snøbrettkøyrar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Olafsen er frå Oppegård og representerte Kolbotn IL. Ho var elev ved Wang Toppidrett i Oslo. I 2007, 16 år gammal, tok ho VM-bronse i snowboardcross.[1]

I 2017 vann Olafsen den 13. sesongen av Skal vi danse saman med dansaren Jørgen Nilsen.[2] Etter Skal vi danse vart Olafsen og Nilsen eit kjærastepar, og i 2019 trulova dei seg.[3]

I januar 2018 leia Olafsen Idrettsgallaen frå Hamar saman med Atle Pettersen[4] og vart nominert til publikumsprisen under Gullruten 2018 for programmet.[5] I februar 2018 var ho reporter og ekspert for Eurosport/TVNorge under snowboardsendingane frå vinter-OL i Sør-Korea og vart tilsett i TV 2 frå mars same år.[6].

I 2018 tok Olafsen og Stian Blipp over Senkveld.[7] Dei gav seg i 2021 og det vart kjent at Senkveld skulle leggjast ned etter 20 år på skjermen.[8] Ho er ein av deltakarane i TV2 sitt nye underhaldingsprogram Norges nye megahit.[9] Songen «Ludvig Daae», som Olafsen framførte i fyrste program, gjekk inn på toppen av den norske topp 50-lista på Spotify etter fire dagar.[10]

Andre merittar[endre | endre wikiteksten]

  • NM-gull i slopestyle 2007
  • Sølv i junor-VM big air
  • Fyrsteplass i eit verdscuprenn i Leysin
  • 2007: Juniorverdsmeister
  • 2007: Femteplass i Winter X Game sitt
  • 2007/2008: Nummer ti samanlagt i verdscupen i snowboardcross
  • 2007/2008: Nummer fem samanlagt i verdscupen i snowboardcross (med 3 570 av i alt 4 160 poeng)
  • 2009: Seniorverdsmeister
  • 2009: Sølv i X-Games, snowboardcross
  • 2010: Fjerdeplass i Vinter-OL, snowboardcross

Deltakingar på fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

  • Spårtsklubben (2015-2017)
  • Skal vi danse (med dansepartnar Jørgen Nilsen, 2017)[11]
  • Mesternes Mester (2017)[12]
  • Senkveld (programleiar, 2018‒2021)[13]
  • Idrettsgallaen (programleiar med Atle Pettersen, 2018)[14]
  • På tur med Dag Otto (2018)[15]
  • Norges nye megahit (2021)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «16 år gamle Helene tok bronse i VM». Dagbladet.no. Henta 12. februar 2008. 
  2. Helene Olafsen (27) er vinneren av Skal vi Danse: – Jeg klarer ikke å forstå det! - TV2.no, lørdag 18. november 2017, hentet søndag 19. november 2017
  3. VG.no (13. november 2019): Gravid Helene Olafsen og kjæresten Jørgen Nilsen setter bryllupet på vent, henta 6. desember 2019
  4. «Warholm med storeslem på Idrettsgallaen» (på norsk bokmål). 6. januar 2018. Henta 7. januar 2018. 
  5. «Gullruten: Stem på din TV-favoritt!». 21. mars 2018. Henta 10. mai 2018. 
  6. «Helene Olafsen blir programleder i TV 2». 8. mars 2018. Henta 10. mai 2018. 
  7. AS, TV 2 (20. mai 2021). «Helene og Stian om Senkveld-slutt: - Vi har grått sammenhengene de siste minuttene» (på norsk). Henta 24. november 2021. 
  8. AS, TV 2 (12. april 2021). «Slutt for Senkveld etter 20 år» (på norsk). Henta 24. november 2021. 
  9. AS, TV 2 (19. oktober 2021). «Dette er deltakerne i TV 2s nye storsatsning Norges nye megahit» (på norsk). Henta 24. november 2021. 
  10. Stoveland, Kjetil (24. november 2021). «Troner på toppen: - Helt hinsides» (på norsk). Henta 24. november 2021. 
  11. Brenden, Marcus (19. oktober 2019). «Helene Olafsen og Jørgen Nilsen: - Svarer på «Skal vi Danse»-ryktene» (på norsk). Henta 10. oktober 2020. 
  12. «Vinneren av «Mesternes mester»: – Jeg blødde på leggene etterpå» (på norsk bokmål). Henta 10. oktober 2020. 
  13. Dorholt, Ingunn (26. april 2018). «Helene Olafsen og Stian Blipp tar over «Senkveld»: - Dette er «Senkvelds» nye programledere» (på norsk). Henta 10. oktober 2020. 
  14. «Idrettsgalla 2018» (norsk bokmål). Henta 10. oktober 2020. 
  15. Digre, Bjørn Vegar (10. mars 2018). «Dragkamp om TV 2-klare Helene Olafsen: - Det kom en del tilbud, så det ble et lite luksusproblem» (på norsk). Henta 10. oktober 2020.