Helga Aleksandra Karlsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helga Aleksandra Karlsen
Helga Karlsen 02.jpg
Fødd20. november 1882
Oslo
Død15. oktober 1936
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Helga Karlsen på den internasjonale arbeidskonferansen i Genève i 1935

Helga Aleksandra Karlsen (fødd 20. november 1882 i Kristiania, død 15. oktober 1936) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet/ Ho var den første kvinnelege stortingsrepresentanten for partiet. Ho vart valt inn for periodane 1927–30 og 1933–36. Ho er omtalt som Arbeidarpartiets fremste kvinnelege politikar i mellomkrigstida.

Helga Karlsen var dotter av jarnbanebetjent Karl Arnesen (1860–1923) og Hilda Alette Torgersdatter (fødd 1855). Mora døydde truleg tidleg, og Helga vart sett i fosterheim. (I einskilde tidlege opplysningar har ho etternamnet Pettersen.) Ho starta i arbeid fjorten år gammal, først som hushjelp, seinare som servitør og industriarbeid. Karlsen vart med i Kristiania Arbeidersamfunds dramatiske klubb i 1899. Dette var introduksjonen hennar til arbeidarrørsla, som ho etter kvart brukte det meste av livet sitt på. I 1910 var ho med på å stifta Arbeidarpartiets Kvinnesongsamskipnad, og i 1915 var ho ein sentral figur då det første sosialistiske barnelaget i Kristiania vart starta. Ho var òg aktiv i Arbeidarpartiets kvinnearbeid.

Karlsen skolerte seg i sosialistisk politikk gjennom deltaking på Den socialdemokratiske aftenskole og seinare på Arbeidarpartiets dagskole. Ho vart vararepresentant i bystyret frå 1919 og var fast representant frå 1923 til 1928, dei to siste åra òg i formannskapet.

Etter to periodar som vararepresentant vart Karlsen i 1927 valt inn på Stortinget. Ho var første kvinne på fast plass for Arbeidarpartiet. Stortingsvalet i 1930 var dårleg for partiet, så Karlsen vart på nytt vara, men kom attende på fast plass i 1933. I mellomtida var ho i 1932 som første kvinne valt til formann i Oslo Arbeidarsamfunn.

I 1928 vart Karlsen bøtelagt (500 kroner) for å gjeve pengar til bygningsarbeidarar i ulovleg streik. I 1935 deltok ho på den internasjonale arbeidskonferansen i Genève, der ho heldt ein godt motteken tale for førti timar arbeidsuke.

Under valkampen i 1936 vart Karlsen sjuk, og ho døydde berre fire dagar før valet. Ho vart bisett frå Folkets hus, der Martin Tranmæl heldt minnetalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lill-Ann Jensen: Artikkel i Norsk biografisk leksikon; vitja 30. juni 2013.