Hengselledd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Metakarpofalangealleddet øvst, fylgd av dei tre interfalangealledda. Sistnemnde er hengselledd.

Hengselledd eller ginglymus (articulatio ginglymus) er eit ledd der dei motståande leddflatene er forma på ein slik måte at dei berre kan røre seg langs éin akse og i eitt plan.[1][2] Leddflatene er bundne saman av sterke kollateralligament.

Døme på hengselledd er interfalangealledda i hendene og dei i føtene, og leddet mellom overarmsbeinet og olbogebeinet. Kneleddet og ankelleddet er også hengselledd, men til dels avvikande fordi desse kan dreie og flytte seg sidelengs. Kneet er også det største hengselleddet i menneskekroppen.

Hengselledd og glideledd er sylindriske ledd,[3] det vil seie at dei kan røre seg langs ein enkelt akse, og i tillegg dreie rundt han. Hengselledd liknar på sadelledd, men har mindre rørslefridom.[4]

Andre ting som verkar som eit hengselledd er dørhandtak, skapdører og hundeluker.

Spiralledd eller skrueledd er ein type hengselledd der høgda og djupna i dei motståande leddflatene saman former delar av ein spiral.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (13. februar 2009). «hengselledd». sml.snl.no. Store norske leksikon. Henta 23. november 2016.  More than one of |author= og |last= specified (hjelp)
  2. Holck, Per (13. februar 2009). «ginglymus». sml.snl.no. Store norske leksikon. Henta 23. november 2016.  More than one of |author= og |last= specified (hjelp)
  3. Platzer, Werner (2008); Color Atlas of Human Anatomy, volum 1, s. 28.
  4. Rogers, Kara (2010); Bone and Muscle: Structure, Force, and Motion, s.157.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hengselledd
Spire Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.