Henrik H. Langeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henrik H. Langeland
HenrikHLangeland.jpg
Fødd 19. november 1972
Yrke skribent
Henrik H. Langeland på Commons

Henrik Helliesen Langeland (fødd 19. november 1972) er ein norsk litteraturvitar og forfattar fødd i Oslo.

Langeland debuterte i 2000 med romanen Requiem. Romanen Wonderboy frå 2003 vekte mykje merksemd. Romanen skildrar tilhøvet mellom IKT- bransjen og forlagsbransjen kring tusenårsskiftet. Ein ambisiøs forretningsmann ynskjer å sameina det beste frå den gamle økonomien og den nye økonomien. Den nye økonomien var mellom anna rekna å vera IKT- føretak der aksjekursen såg ut til å stiga i all æve.

Langeland har sjølv vore management trainee, ei leiaropplæring, i mediekonsernet Schibsted ASA. Langeland er utdanna innan litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo. Frå 2005 av er han redaktør i det litterære tidsskriftet Vinduet. Tidsskriftet vert utgjeve av Gyldendal Norsk Forlag.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Requiem (2000; roman. Gyldendal Norsk Forlag)
  • Marcel Proust (2001; sakprosa, Gyldendal Norsk Forlag)
  • Wonderboy (2003; roman, Gyldendal Norsk Forlag)
  • Av sporet er du kommet (2006; avhandling, Gyldendal Norsk Forlag)
  • Francis Meyers lidenskap (2007; roman, Tiden Norsk Forlag)
  • Verdensmestrene (2010)
  • Fortellerkunst (2011)
  • Hauk og due (2012)
  • Fyrsten (2013; roman)
  • Eventyrerne (2018)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]