Henrik L’Abée-Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik L’Abée-Lund i 2014

Henrik L'Abée-Lund (fødd 26. mars 1986) er ein norsk skiskyttar som i 2013 vart verdsmeister med Noreg i 4 x 7,5 km stafett. Han er medlem av Oslo Skiskytterlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

L'Abée-Lund vann sølvmedaljen på 10 km under NM i skiskyting 2010 på Simostranda, hans einaste individuelle NM-medalje pr 2015. Norsk meister vart Emil Hegle Svendsen.

L'Abée-Lund debuterte i verdscupen i skiskyting i 2011-sesongen. Han var med då Noreg vann verdscup-stafetten i Hochfilzen 9. desember 2012. Seinare i 2013-sesongen fekk han sin fyrste individuell pallplass i verdscupen, ein tredjeplass på 10 km i Sotsji. Høgdepunktet i karriere hans kom då han fekk gå den andre etappen for det norske laget som vann gull i 4 x 7,5 km stafett under VM i skiskyting 2013 i Nové Město na Moravě i Tsjekkia. Ole Einar Bjørndalen, Tarjei Bø og Emil Hegle Svendsen var dei andre gullvinnarane. I same meisterskapen kom han på niandeplassen og vart beste nordmann i 20 km normalprogram.

I januar 2014 vart L'Abée-Lund nummer tre i ein jamn jaktstart i Antholz, knapt fem skundar bak vinnaren. Færre sterke prestasjonar etter den tid førte mellom anna til at han ikkje fekk plass i troppa til VM i skiskyting 2016 på hans heimearena i Holmenkollen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]