Henrik Rogstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Rogstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. april 1916
Trondheim
Død

10. mai 1945 (29 år)
Skallum

Yrke politikar
Politisk parti Nasjonal Samling
Henrik Rogstad på Commons

Henrik Daae Rogstad (fødd 13. april 1916 i Trondheim, daud 10. mai 1945 i Bærum) var fylkesfører i Nasjonal Samling (NS) for Sør-Trøndelag under andre verdskrigen.

Bakgrunn og virke[endre | endre wikiteksten]

Rogstad i hirduniform ved sida av Vidkun Quisling, «fører» i Nasjonal Samling (NS), under eit partiarrangement i Trondheim hausten 1941.
Foto: Riksarkivet

Han var ei kort tid med i NS’ ungdomsfylking i 1936, men kom ikkje aktivt med i partiet før sommaren 1940, men vart snart fylkesfører for Sør-Trøndelag på initiativ av NS' generalsekretær, Rolf Jørgen Fuglesang. Han vart verdsett for å ha ein særs sosial profil, ved at han blant anna lånte ut leilegheita sin til bostadsløyse ved nokre høve.

Rogstad vart rekna blant dei mest tyskvennlege blant dei norske nazistane og vart kritisert, òg innover i NS, for å hjelpa tyskarane i Trondheim med å setja opp gissellista ved unntakstilstanden i 1942. Etter likvidering av Karl Marthinsen 8. februar 1945 vart òg Rogstad øvste leiar av Hirden.

Då nederlaget nærma seg vinteren og våren 1945 tilhøyrde Rogstad dei mest stridbare og kampinnstilte i NS, saman med blant andre Jonas Lie. I februar 1945 vart han utnemnd til leiar for Hirden, og starta førebuing på å kunna omdanne denne til ei militær eining i tysk teneste dersom det vart ein alliert invasjon. Heilt utan politibakgrunn og trass sterke protestar frå politiet vart Rogstad i april 1945 òg ansvarleg for Statspolitiet.

I mai 1945 forskansa ei lita gruppe seg på Skallum gard i Bærum saman med han, Jonas Lie og Sverre Riisnæs, inntil dei vart oppfordra til å forlata garden. Alle, bortsedd frå Rogstad, Lie og Riisnæs forlét garden. 10. mai skaut Henrik Rogstad seg i spisestuen på Skallum gard. Lie døydde, sannsynlegvis av stress og stort alkoholkomsum. Riisnæs overgav seg til slutt åleine som einaste gjenverande.

Rogstad hadde gifta seg fire dagar før sin død, og hadde nyleg vorte far. Han er gravlagd i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]