Hopp til innhald

Henry Amdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Amdal
StatsborgarskapNoreg
Fødd10. april 1921
Furnes
Død 14. september 1993 (72 år)
Idrettskihopping

Henry Eliot Amdal[1] (10. april 192114. september 1993) var ein norsk skihoppar som tevla for Brumunddal Idrettslag. Han vart noregsmeister i 1947.

Amdal vann gullmedaljen under noregsmeisterskapen 1947 i Tistedal, 0,7 poeng føre Thorleif Schjelderup med Birger Ruud på bronseplass.[2][3][4] I den same sesongen kom han på andreplass både i Svenska skidspelen i Sundsvall og i Holmenkollrennet. Landsmennene Arne Hoel og Georg Thrane vann i høvesvis Sundsvall og i Holmenkollen.[4][5]

  1. http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=1168120
  2. «Norwegian Ski Jumping Champions». www.wintersport.as. Arkivert frå originalen 12. mars 2007. Henta 8. september 2010.
  3. «Norwegische Meisterschaften». home.no. Henta 8. september 2010.
  4. 1 2 «Historikk Brumunddal IL» (på norsk). www.brumunddal-ail.no. Arkivert frå originalen 28. oktober 2017. Henta 9. september 2010.
  5. «Pristagare i Svenska Skidspelen» (PDF) (på svensk). www.skidspelen.se. Arkivert frå originalen (PDF; 354 kB) 18. august 2010. Henta 9. september 2010.