Thorleif Schjelderup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thorleif Schjelderup


Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. januar 1920
Christiania
Død

28. mai 2006 (86 år)
Oslo

Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1948

Thorleif Schjelderup (20. januar 192028. mai 2006) var ein norsk skihoppar og forfattar frå Oslo. Ferdinand Schjelderup var far hans. Han var 1940-44 gift med Sossen Krohg. Seinare var han gift med Anne Brown. På 1970-talet budde han fleire år i Stockholm, saman med operasongaren Ranveig Eckhoff.

Skihoppar[endre | endre wikiteksten]

Schjelderup vann sølvmedaljen under NM-hopprennet i 1947, 0,7 bak overraskingsmannen Henry Amdahl. Under det spesielle hopprennet i Vinter-OL 1948 vann Schjelderup bronsemedaljen bak landsmennene Petter Hugsted og Birger Ruud. Same året vart han nummer to i Holmenkollrennet, bak Arne Hoel, men på plassen føre olympiameisteren Hugsted, samt han fekk bronse under noregsmeisterskapen, delt med Birger Ruud. Schjelderup var den første nordmann som hoppa over 100 meter på ski. Han var instruktør for det norske hopplandslaget frå 1957 til-62.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1948: OL-bronse i St. Moritz. Nr 2 i Holmenkollen
  • 1949: Nr 12 i Holmenkollen
  • 1950: Nr 11 i Holmenkollen
  • 1951: Nr 5 i Holmenkollen
  • 1953: Nr 13 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: Nr 6
  • 1947: Sølvmedalje
  • 1948: Bronsemedalje på Lillehammer

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Schjelderup dreiv eit omfattande friluftsliv, mellom anna var han, som far sin, medlem av Norsk Tindeklub. Han skreiv fleire bøker om friluftsliv og reiseliv. Tidleg tok han i bruk smalfilm, reiste i mange år rundt og viste film og kåserte.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fra sprøytehopp til Planica, 1950
  • Du skulle forføres : noen tanker om frihet, 1952
  • Alt om skihopping, 1956
  • Hvordan planlegges samfunnet : orientering for ungdom om regionplanlegging, 1969
  • Thorleif Schjelderup & Rolf Vik: Miljøvern, 1973.
  • Hva er galt med oss?, 1976
  • Så langt øyet kan se., 1979
  • Mitt hjerte til Vestlandet., 1981

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P. Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. Oslo, 1957
  • Bibsys