Herøya i Herøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°18′50″N 05°40′41″E / 62.31389°N 5.67806°E / 62.31389; 5.67806

Herøya
øy
Land  Noreg
Kart
Herøya
62°18′52″N 5°40′37″E / 62.314347222222°N 5.6768861111111°E / 62.314347222222; 5.6768861111111

Herøya er ei øy i Herøyfjorden på Vestlandet. Ho ligg i Herøy kommune i Møre og Romsdal fylke. Øya har hatt ein sentral plass på Sunnmøre i over 1000 år. Her var det kyrkjestad frå 1100-talet til 1916. Den marmordekte mellomalderkyrkja var ei av dei 4 hovudkyrkjene på Sunnmøre. Staden er nemnd som tingstad og med gildestove tilbake i mellomalderen. Herøy Gard var prestegard fram til 1761, og handelsstad frå den tid og fram til 1916.

Museet syner i dag den gamle handelsstaden slik den voks fram på 1800-talet, med restaurerte bygningar, interiør, båtar og fiskereiskapar. Rekonstruksjonar av Kvalsundbåten frå 600-talet, og ei sunnmørsjekt frå 1700-talet er ein del av samlingane. På øya ligg også dei gamle ruinane av dei to kyrkjene som stod her med gravplass ikring.

Tyding av namnet Herøy[endre | endre wikiteksten]

Tydinga av namnet Herøy er uviss. Det har vorte sett i samband med her i tydinga folkesamling, krigsher, og med herre etter dei mange stormennene som skal ha budd på øya. Namnet har også vorte sett i samband med Hern eller Hørn, eit namn på gudinna Frøya. Går vi hundre år tilbake i tid var den vanlege uttalen av Herøy, Hørei. Ei eller ey er det norrøne ordet for øy. Fyrste delen av namnet kan vere nettopp frå Hørn. Kanskje har øya i førkristen tid vore ein stad der dei ofra til Hørn. Det var nettopp på slike hovsete dei la kyrkjene for å få slutt på den heidenske trua.

Sagaøya Herøy[endre | endre wikiteksten]

I Herøyfjorden ligg ei klynge av små øyar og holmar. Lengst sør mot Flåvær, ligg øya Herøy. Ho er nemnd i soga fleire gongar, m.a. fordi ho ligg ved skipsleia og var ei god hamn for dei sjøfarande. Olav Haraldson låg ved Herøy med skipa sine i 1027 og venta på leidangsmannskapet frå Sunnmøre. Snorre fortel om møtet med vikingen og ransmannen Karl Mørske som baud seg til å vere kongens mann og fare til Færøyane og krevje inn skatt.

Kyrkjestad frå mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

I kristentid vart øya kyrkjestad for Herøy prestegjeld og kyrkja var ei av dei fire hovudkyrkjene på Sunnmøre. Kong Sverre Sigurdsson var innom Herøy fleire gongar på veg langs kysten sist på 1100-talet, og i 1263 var kong Magnus Håkonson her. Clæmith i Herøyom er nemnd på 1200-talet. Han må ha vore ein høgboren mann og var truleg eigar av Herøy kyrkje, marmorkyrkja frå tidleg 1100-talet. På 1300-talet møter vi Håkon i Herøyom, og Bjarne Simonson, den første namngjevne presten i Herøy. Gildestova på Herøy er nemnd i 1433 då erkebisp Aslak Bolt var her og «hadde samtalar med ålmugen» i prestegjeldet.

Det har gått ord om at her har vore eit kloster på øya. Klosteret skal ha vore vigt til Alban den heilage, som var den fyrste kristne martyren i England. Klosterhaugen på Herøy ligg eit par hundre meter vest for der våningshuset i dag står. På denne haugen finn me ei tuft etter ei steinbygning med restar etter marmor.

Prestegard[endre | endre wikiteksten]

På Herøy var det prestegard, truleg frå første kristentid. Øya var lita, med snaue berg og ikkje så godt eigna til åker og eng. Det var problem med ferskvatn og på kyrkjegarden var det altfor lite jord og ein kunne ofte kjenne lik-teven. Dette var truleg årsaka til at prestane ikkje ville bu på Herøy og mange av husa rotna ned på slutten av 1600-talet. I 1752 vart ny prestegardsbygning likevel sett opp. Eldste delen av hovudbygningen som står her i dag, er frå den tid. I 1761 vart det gjort makebyte med garden Raftenes i Stokksund, og prestegarden skulle no ligge der sjølv om det var nytt hus på Herøy.

Handelsstad[endre | endre wikiteksten]

Hovudhuset

Herøy steig no fram som handelsstad, gjestgjeveri og skyss-skifte, særleg frå 1770. Sivert Olsen kjøpte då Herøy Gard og etterkvart Herøy kyrkje med tilhøyrande kyrkjegods. Seinare vart han også eigar av Sande kyrkje, Rovde kyrkje og ein tredje part i Volda kyrkje med tilhøyrande jordgods. Handelsstaden vart verande i Olsen-familia fram til 1830-åra, då Peter Wilhelm Lorange frå Kragerø tok over. I 1854 kjøpte Knut Olai Simonsen frå Bergen, Herøy Gard, og eigedomen vart i Simonsen-ætta til 1917.

Den gamle steinkyrkja vart riven i 1859. Ei ny kyrkje av tre vart bygd same året eit steinkast frå den gamle. Denne vart riven i 1916 og flytt ut i Fosnavåg. Same året døydde handelsmannen Hans Henrik Simonsen og det stilna av med handelsstaden Herøy. Den vesle tradisjonsrike øya, der alle vegar samla seg i eit midtpunkt gjennom hundrevis av år, vart no liggjande ulagleg for den nye tids tilhøve.

Ei ny tid[endre | endre wikiteksten]

I mellomkrigsåra vart det drive med sildesalting og trankoking i tillegg til sjølvberging på garden. I 1941 kjøpte Erik Venja frå Haugesund garden og dreiv jorda utover etterkrigstida. Herøy kommune kjøpte Herøy Gard i 1973 og det vart sett i gang med eit omfattande restaureringsarbeid. I 1981 vart Herøy kystmuseum opna.

1000 år på Herøy[endre | endre wikiteksten]

Herøy kystmuseum held til i dei gamle bygningane på Herøy Gard. Museet skal synleggjere handelstaden slik den var på 1800-talet, og samlingane er i stor grad knytte til liv og verksemd på kysten. Båten står i sentrum, han representerer sjølve livsgrunnlaget for kystfolket. Rekonstruksjonar av Kvalsundbåten frå 600-talet, og ei sunnmørsjekt frå 1700-talet er ein del av samlingane. Med Herøyspelet Kongens Ring frå vikingtida, tuftene etter middelalderkyrkja og handelsstaden frå nyare tid, får den som vitjar øya oppleve 1000 år ubroten soge på Herøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]