Heradstveit
Heradsveit | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvam | ||
Postnummer | 5620 TØRVIKBYGD | ||
Preposisjon | på Heradsveit | ||
Heradstveit er ein gard i Kvam herad i Hardanger. Garden ligg på om lag 250 m.o.h. mellom Vikøy og Tørvikbygd på austsida av Hardangerfjorden og har vore i drift sidan 1600-talet. Gardshuset er i dag modernisert og gjort om til overnattingshus for turistar. [1] I tillegg er her utmarksdrift og sagbruk. [2] Kunstmålaren Mons Breidvik (1881-1950) var ei tid busett på Heradstveit.
Ifylgje bøkene til Halldor O. Opedal var Heradstveit eit gamalt skilje mellom å-lyd og ao-lyd i Hardanger. Innanfor Heradstveit, mot Norheimsund og lenger inn i Hardanger, sa ein ao for å i ord som båt, blå og grå. Utanfor Heradstveit uttalte ein desse orda med å-lyd utan diftong. [3]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Heradstveit Herberge, arkivert frå originalen 9. juni 2013, henta 12. juli 2013
- ↑ Heradstveit Sagbruk
- ↑ Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus.