Here, There and Everywhere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Here, There and Everywhere
Song av The Beatles
frå albumet Revolver
Utgjeve 5. august 1966
Innspelt 14. juni 1966,
EMI Studios
Sjanger Softrock,[1] pop[2]
Lengd 2:25
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«Here, There og Everywhere» er ein song av The Beatles på albumet «Revolver» frå 1966. Han er hovudsakleg skriven av Paul McCartney, men tilskriven Lennon/McCartney. I sin sjølvbiografi har McCartney omtalt songen som ein av sine personlege favorittar, medan produsent George Martin har kalla han ein av sine favorittsongar av Paul McCartney.

Songen har ein bittersøt melodi med harmoniar og lett arrangement. Den lystige melodien står i kontrast til den meir mollstemte brua.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange artistar har spelt sine eigne utgåver av songen. Av desse finn ein Bobbie Gentry, Emmylou Harris, Jose Feliciano (instrumental), Celine Dion, George Benson, Perry Como og Sissel Kyrkjebø. Øystein Sunde spelte inn ei utgåve med tekst omsett til norsk kalla «Her, der og stikkelsbær» frå 1001 Fnatt i 1970.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pollack 1994.
  2. Moorefield 2005.
  3. MacDonald 2005, s. 210.