Revolver av The Beatles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Revolver
Studioalbum av The Beatles
Utgjeve 5. august 1966
Innspelt 6. april – 21. juni 1966
Studio EMI Studios, London
Sjanger
Lengd 34:43
Selskap Parlophone
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
Rubber Soul
(1965)
Revolver Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band
(1967)
Singlar frå Revolver
  1. «Eleanor Rigby» / «Yellow Submarine»
    Utgjeve: 5. august 1966
Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
The A.V. Club A+[2]
Blender 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
The Daily Telegraph 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]
Encyclopedia of Popular Music 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]
MusicHound Rock 4.5/5[6]
Paste 100/100[7]
Pitchfork 10/10[8]
The Rolling Stone Album Guide 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[9]
Sputnikmusic 5/5[10]

Revolver er det sjuande albumet til det engelske rockebandet The Beatles og kom ut 5. august 1966. Albumet viste ei ny stilmessig utvikling, som skulle verte meir framtredande på seinare album. Mange av songane på Revolver er markert av ein elektrisk gitar-rock-stil, i motsetnad til det folkrock-inspirerte Rubber Soul, som kom før Revolver. Albumet nådde førsteplassen på både den britiske og amerikanske salslista. I Noreg nådde albumet 14. plass som høgaste plassering.

Revolver vart gjeve ut før den siste turneen til Beatles i august 1966, men dei spelte ikkje songane frå albumet på konsertane. Årsaka til dette var at det var for mange innspelingsspor på albumet, til dømes ville «Tomorrow Never Knows» vorte altfor komplisert å spele på konsert.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Ein innspelingsteknikk som vart nytta for første gong på dette albumet var automatisk dobbelsporing (ADT), som lydteknikar Ken Townsend i EMI fann opp 6. april 1966. Denne teknikken skapte automatisk eit dobbelt vokalspor. Standardmetoden var å synge inn vokalen to gonger på to forskjellige spor med ein fleirsporsopptakar, ein metode som John Lennon særleg mislikte. Beatles var særs nøgd med oppfinninga og nytta han mykje på Revolver. ADT vart raskt ein standard innspelingsteknikk og førte til andre teknikkar, som den kunstige choruseffekten.

«Eleanor Rigby», ein av Paul McCartney sine songar på albumet, vart gjeve ut som singel med «Yellow Submarine» på dobbel A-side, samstundes med albumet. Songen markerer eit skifte hos Beatles, bort frå dei lettare popsongane frå tidlegare i karrieren, til songar med mørkare tema og atmosfære. Songen vart spelt inn med styrkarar arrangert av George Martin og McCartney. Songen er unik av Beatles-songane fordi alle medlemmene medverka til teksten. Ringo Starr kom med linja «Father Mackenzie, reading a sermon that no-one will hear».[11] Harrison medverka med linja «Ah, look at all the lonely people», som opnar songen.

Nyskapingane til The Beatles på albumet når kanskje eit høgdepunkt på siste sporet på albumet, «Tomorrow Never Knows». Songen var ein av dei første psykedeliske songane som kom ut og inneheldt banebrytande teknikkar som gitar innspelt baklengs, prosessert vokal og bandeffektar. Musikalsk er han bordunaktig, med ein kraftig synkopert, gjentakande trommerytme, og vert rekna som ein av dei tidlegare forgjengarane til elektronika. Teksten er inspirert av den tibetanske dødeboka.

Den mest muntre songen på Revolver er den barnesongaktige «Yellow Submarine».

Plateomslaget vart teikna av den tyskfødde bassisten og kunstnaren Klaus Voormann, ein av dei eldste venene til Beatles. Tittelen, Revolver, er eit ordspel som referer både til våpenet og til den roterande (engelsk revolving) rørsla til ei plate på ein platespelar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Taxman» (Harrison) 2:39
2. «Eleanor Rigby»   2:07
3. «I’m Only Sleeping»   3:01
4. «Love You To» (Harrison) 3:01
5. «Here, There and Everywhere»   2:25
6. «Yellow Submarine»   2:40
7. «She Said She Said»   2:37
Side to
# Tittel Lengd
8. «Good Day Sunshine»   2:09
9. «And Your Bird Can Sing»   2:01
10. «For No One»   2:01
11. «Doctor Robert»   2:15
12. «I Want to Tell You» (Harrison) 2:29
13. «Got to Get You into My Life»   2:30
14. «Tomorrow Never Knows»   2:57

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Revolver vert ofte omtalt som det største rockealbumet gjennom tidene.[12][13] I 1997 hamna det på tredjeplass på ei lsite i Storbritannia laga av innsendarar til HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 2006 plasserte Q albumet på 4. plass, medan det same magasinet plaserte albumet heilt øvst på ei liste over dei 100 største britiske musikkalbuma gjennom tidene. I 2001 plasserte VH1 albumet øvst på lista over dei største albuma nokon gong,[14], ei plassering det òg fekk på Virgin All Time Top 1000 Albums.[15]Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene ligg det på tredjeplass.[16] På plassen føre låg Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band og Pet Sounds.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Mark Lewisohn[17] og Ian MacDonald:[18]

The Beatles

Andre musikarar og produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966–67) Plassering
Australia Kent Music Report[19] 1
Norske VG-lista[20] 14
Svenske Kvällstoppen[21] 1
UK Record Retailer LPs Chart[22] 1
US Billboard Top LPs[23] 1
Vesttyske Musikmarkt LP Hit-Parade[24] 1
1987-utgåva
Liste Plassering
Nederlandske MegaChart[25] 57
UK Albums Chart[26] 55
2009-utgåva
Liste Plassering
Australske ARIA Albums[27] 36
Austrikske Ö3 Top 40 Longplay (Albums)[28] 48
Belgiske Ultratop 200 Albums (Flandern)[29] 23
Belgiske Ultratop 200 Albums (Vallonia)[30] 35
Danske Tracklisten Album Top-40[31] 32
Nederlandske MegaChart[32] 81
Den finske albumlista [33] 15
Italienske FIMI-lista[34] 28
Japanske Oricon-lista[35] 26
New Zealand - RIANZ Albums[36] 20
Norske VG-lista[37] 36
Portugisiske AFP Top 50[38] 21
Spanske PROMUSICAE Top 100[39] 37
Svenske Sverigetopplistan[40] 13
Sveitsiske Hitparade[41] 44
UK Albums Chart[26] 9

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[42] Platina 70 000^
Canada (Music Canada)[43] 2× Platina 200 000^
Storbritannia (BPI)[44] 2× Platina 600 000^
USA (RIAA)[45] 5× Platina 5 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine

BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[46]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas. «The Beatles Revolver». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/revolver-mw0000189174. Henta 13. mars 2018. 
  2. Klosterman, Chuck (8. september 2009), «Chuck Klosterman Repeats The Beatles», The A.V. Club, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 26. mai 2013, https://www.webcitation.org/6GuiHAk0V?url=http://www.avclub.com/articles/chuck-klosterman-repeats-the-beatles,32560/, henta 13. mars 2018 
  3. Du Noyer, Paul (2004). «The Beatles Revolver». Blender. Arkivert frå the original 4. mai 2006. Henta 13. mars 2018. 
  4. McCormick, Neil (7. september 2009), «The Beatles – Revolver, review», The Daily Telegraph (London), http://www.telegraph.co.uk/culture/music/the-beatles/6150301/The-Beatles-Revolver-review.html, henta 13. mars 2018 
  5. Larkin 2006, s. 489.
  6. Graff & Durchholz 1999, s. 88.
  7. Kemp, Mark (8. september 2009). «The Beatles: The Long and Winding Repertoire». Paste. https://www.pastemagazine.com/articles/2009/09/the-beatles-the-long-and-winding-repertoire.html. Henta 13. mars 2018. 
  8. Plagenhoef, Scott (9. september 2009). «The Beatles: Revolver Album Review». Pitchfork. http://pitchfork.com/reviews/albums/13434-revolver/. Henta 13. mars 2018. 
  9. Brackett & Hoard 2004, s. 51.
  10. Campbell, Hernan M. (27. februar 2012). «Review: The Beatles – Revolver». Sputnikmusic. https://www.sputnikmusic.com/review/48319/The-Beatles-Revolver/. Henta 13. mars 2018. 
  11. «Ringo Starr Reminisces About The Boys in the Band». BBC. Henta 28. november 2008. 
  12. «The All Time Top 3000 Albums». AcclaimedMusic.net. Henta 28. november 2008. 
  13. «List of Revolver Accolades». AcclaimedMusic.net. Henta 28. november 2008. 
  14. «2001 VH1 Cable Music Channel All Time Album Top 100». VH1. Henta 28. november 2008. 
  15. «Beatles, Radiohead albums voted best ever». CNN. Henta 28. november 2008. 
  16. «The 500 Greatest Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 28. november 2008. 
  17. Lewisohn 2005, s. 70–85.
  18. MacDonald 2005, s. 185–211.
  19. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  20. «The Beatles – Revolver». norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Revolver&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  21. «Swedish Charts 1966–1969/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Augusti 1966» (på Swedish). hitsallertijden.nl. http://www.hitsallertijden.nl/charts/swedish%20charts/SwedishCharts%200366-0969.pdf. Henta 25. juni 2017.  Merk: Kvällstoppen kombinerte sal for album og singlar på same lista.
  22. «Beatles" > "Albums" > "Revolver" > "Chart Facts». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/beatles/. Henta 13. mars 2018. 
  23. Ovens, Don (dir. reviews & charts) (17. september 1966). «Billboard Top LP's (For Week Ending 17. september 1966)». Billboard: 46. Henta 13. mars 2018. 
  24. «Charts-Surfer: Liedsuche» (på German). charts-surfer.de. http://www.charts-surfer.de/musiksuche.php. Henta 13. mai 2016. 
  25. «The Beatles – Revolver». dutchcharts.nl. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Revolver&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  26. 26,0 26,1 «Revolver (1987 Version)« > »Chart Facts». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/search/albums/revolver%20(1987%20version)/. Henta 13. mars 2018. 
  27. «Album Top 50 (27/09/2009)». australian-charts.com. http://australian-charts.com/weekchart.asp?year=2009&date=20090927&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  28. «The Beatles – Revolver». austriancharts.at. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Revolver&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  29. «The Beatles – Revolver». ultratop.be. http://www.ultratop.be/nl/album/19db/The-Beatles-Revolver. Henta 13. mars 2018. 
  30. «The Beatles – Revolver». ultratop.be. http://www.ultratop.be/fr/album/19db/The-Beatles-Revolver. Henta 13. mars 2018. 
  31. «The Beatles – Revolver». danishcharts.com. http://danishcharts.com/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Revolver&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  32. «Dutch Album Top 100 (26/09/2009)». dutchcharts.nl. http://dutchcharts.nl/weekchart.asp?year=2009&date=20090926&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  33. «Album Top 50 (38/2009)». finishcharts.com. http://finnishcharts.com/weekchart.asp?year=2009&date=200938&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  34. «The Beatles – Revolver». italiancharts.com. http://italiancharts.com/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Revolver&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  35. «Mal:Citation error» (på Japanese). Oricon Style. 15. september 2009. http://www.oricon.co.jp/news/rankmusic/69149/full/. Henta 13. mars 2018. 
  36. «Album Top 40 (14/09/2009)». charts.org.nz. http://charts.org.nz/weekchart.asp?year=2009&date=20090914&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  37. «VG Lista – Album Top 40 (38/2009)». norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/weekchart.asp?year=2009&date=200938&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  38. «Portuguese Charts: Albums – 39/2009». portuguesecharts.com. http://portuguesecharts.com/archive.asp?todo=show&woche=39&jahr=2009&sparte=a. Henta 13. mars 2018. 
  39. «Album Top 100 (13/09/2009)». spanishcharts.com. http://spanishcharts.com/weekchart.asp?year=2009&date=20090913&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  40. «The Beatles – Revolver». swedishcharts.com. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=The+Beatles&titel=Revolver&cat=a. Henta 13. mars 2018. 
  41. «The Beatles – Revolver». hitparade.ch. http://hitparade.ch/album/The-Beatles/Revolver-6619. Henta 13. mars 2018. 
  42. «ARIA Charts – Accreditations – 2009 Albums». Australian Recording Industry Association. http://www.aria.com.au/pages/httpwww.aria.com.aupagesARIACharts-Accreditations-2009Albums.htm. Henta 13. mars 2018. 
  43. «Canadian album salstrofé – The Beatles – Revolver». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22Revolver%22%20%22The+Beatles%22. Henta 13. mars 2018. 
  44. «British album salstrofé – The Beatles – Revolver». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 13. mars 2018.  Enter Revolver in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  45. «American album salstrofé – Beatles, The – Revolver». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Revolver%22. Henta 13. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  46. Beatles albums finally go platinum, BBC News, 2 September 2013, http://www.bbc.co.uk/news/entertainment-arts-23927271, henta 26 June 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]