Hey! Baby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hey! Baby
Singel av Bruce Channel
frå albumet Hey! Baby
B-side «Dream Girl»
Utgjeve Desember 1961
Sjanger Pop[1]
Lengd 2:27
Selskap LeCam/Smash
Låtskrivar(ar) Margaret Cobb

Bruce Channel

Produsent Bruce Channel

Major Bill Smith

Bruce Channel-kronologi
«Now or Never»

(1960)

Hey! Baby «Run Romance Run»

(1962)


«Hey! Baby» er ein song skriven av Margaret Cobb og Bruce Channel, og spelt inn av Channel i 1961. Songen vart først gjeven ut på LeCam Records, eit lokalt selskap i Fort Worth i Texas. Etter at songen vart ein hit, gav Smash Records ut songen nasjonalt. Songen gjekk til topps på Billboard Hot 100 og låg der i tre veker frå 10. mars 1962.

Songen har eit markant munnspelriff spelt av Delbert McClinton og trommer av Ray Torres. Andre musikarar på innspelinga er Bob Jones og Billy Sanders på gitar og Jim Rogers på bass. I følgje ein CNN-artikkel[2] frå 2002 då dei turnerte i Storbritannia i 1962 med The Beatles, møtte McClinton John Lennon og gav han nokre munnspeltips. Lennon brukte det han hadde lært like etter på «Love Me Do» og seinare «Please Please Me». Lennon hadde ein versjon av songen på jukeboksen sin.

Songen vart nytta i filmen Dirty Dancing i 1987, i ein scene der Johnny og Baby dansar oppå trestammer.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1962) Plassering
US Billboard Hot 100[3] 1
U.S. Billboard Hot R&B Sides 2
UK Singles Chart 2

Anne Murray-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Hey! Baby!
Singel av Anne Murray
frå albumet The Hottest Night of the Year
B-side «Song for the Mira»
Utgjeve Mai 1982
Sjanger Country
Lengd 2:47
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Margaret Cobb, Bruce Channel
Produsent Jim Ed Norman
Anne Murray-kronologi
«Another Sleepless Night»

(1982)

Hey! Baby! «Somebody's Always Saying Goodbye»

(1982)


Den kanadiske countrypopsongaren Anne Murray spelte inn songen i 1982, og denne nådde sjuandeplassen på den amerikanske Country Singles-lista og 26. plassen på Adult Contemporary-lista. Songen gjekk òg til topps på den kanadiske RPM country og adult contemporary-lista.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1982) Plassering
Canadian RPM Country Tracks 1
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 1
US Country Songs (Billboard)[4] 7
US Adult Contemporary (Billboard)[5] 26

DJ Ötzi-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Hey Baby (Uhh, Ahh)
Singel av DJ Ötzi
frå albumet Love, Peace & Vollgas
Utgjeve 31. juli 2000
Sjanger Eurodance
Lengd 3:37
Selskap Hit Galaxy, EMI Electrola
Låtskrivar(ar) Margaret Cobb, Bruce Channel
Produsent Christian Seitz, Claus Marcus, Klaus Biedermann, Mark Duran
DJ Ötzi-kronologi
«Gemma Bier trinken»
(2000)
Hey Baby (Uhh, Ahh) «Doh Wah Diddy»
(2001)


Den austerrikske artisten DJ Ötzi spelte inn ein versjon av songen kalla «Hey Baby (Uhh, Ahh)». Han vart gjeven ut i juli 2000 som den første singelen frå debutalbumet hans Love, Peace & Vollgas. I 2002 vart han gjeven ut på ny som den uoffisielle kjenningsmelodien til Fotball-VM 2002.[6]Songen gjekk til topps på salslistene i Storbritannia,[7] Irland, Australia og Japan.

Den offisielle musikkvideoen syner mange forskjellige folk som syng med på songen i ein taxi, innimellom klipp av DJ Ötzi som syng på ein TV-skjerm.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

CD Maxi-singel (Europa, 2000)
  1. «Hey Baby» (Uhh, Ahh) (Radio Mix) - 3:36
  2. «Hey Baby» (Uhh, Ahh) (Club Mix) - 4:15
  3. «Uh! Ah!» - 3:38

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2000–02) Plassering
Australia (ARIA)[8] 1
Austerrike (Ö3 Top 40)[8] 4
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] 30
Danmark (IFPI)[8] 2
Tyskland (Media Control Charts)[10] 11
Irland (IRMA)[11] 1
Nederland (Mega Top 100)[8] 65
Noreg (VG-lista)[8] 9
Skottland (Official Charts Company)[12] 1
Sverige (Sverigetopplistan)[8] 3
UK Singles (Official Charts Company)[7] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2001) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[13] 5

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[14] Platina 776,000[15]

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Alabama spelte inn songen i 1997 på albumet Dancin' on the Boulevard med gjestevokal av Bruce Channel
  • Arthur Alexander spelte songen i 1962 på albumet You Better Move On.
  • Johnny Hallyday spelte songen på fransk i 1962 på plata Madison Twist.
  • Jerry Lee Lewis spelte inn songen i 1967 for albumet hans Soul My Way.
  • NRBQ spelte songen på debutalbumet frå 1969 for Columbia Records.
  • Paul and Paula spelte songen i 1964 på albumet Paul and Paula Sing For Young Lovers.
  • Don Partridge spelte songen i 1973 på albumet Don Partridge and Friends.[16]
  • Ringo Starr gav ut songen på singel, med «Lady Gaye», frå albumet Ringo's Rotogravure den 22. november 1976 i USA[17] (nådde 74. plassen på US Pop) og 26. november i Storbritannia.[18] Han hadde òg sampla songen på den tidlegare hitten sin, «A Dose of Rock 'n' Roll» (som nådde 26. plassen på US Pop).
  • Juice Newton spelte songen i 1978 på albumet hennar Well Kept Secret.
  • Bobby G. Rice gav ut ein versjon i 1970, og denne nådde 35. plassen på countrylista.[19]
  • Conway Twitty spelte songen i 1970 på albumet Fifteen Years Ago.
  • Cooldown Café, eit nederlandsk band spelte inn songen i 2000. Denne vart ein topp 5 hit i Nederland.
  • Crazy Frog spelte songen i 2006 på albumet More Crazy Hits.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Crazy Frog Presents More Crazy Hits - Crazy Frog | Songs, Reviews, Credits | AllMusic
  2. «The man who taught John Lennon harp». Articles.cnn.com. 8 October 2002. Arkivert frå originalen 27 September 2012. Henta 1. april 2014. 
  3. "Channel?f=379&g=Singles Bruce Channel Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Bruce Channel. Prometheus Global Media.
  4. "Murray?f=357&g=Singles Anne Murray Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Anne Murray. Prometheus Global Media.
  5. "Murray?f=341&g=Singles Anne Murray Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Anne Murray. Prometheus Global Media.
  6. «DJ Ötzi - Hey Baby (The Unofficial World Cup Remix 2002)». YouTube. Henta 28 December 2015. 
  7. 7,0 7,1 "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 «Hey! Baby», in various singles charts Lescharts.com (Retrieved April 10, 2008)
  9. "Ultratop.be – DJ Ötzi – Hey Betty (Uhh, Ahh)" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  10. German Singles Chart Charts-surfer.de Arkivert 2009-01-08 ved Wayback Machine. (Retrieved April 10, 2008)
  11. Irish Singles Chart Irishcharts.ie Arkivert 2009-06-03 ved WebCite (Retrieved April 10, 2008)
  12. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company.
  13. «2001 UK Singles Chart» (PDF). UKChartsPlus. Henta 26 May 2015. 
  14. «British single salstrofé – DJ Otzi – Hey! Baby». British Phonographic Industry.  Enter Hey! Baby in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  15. Miller, Adam (3 March 2015). «20 of the biggest selling singles of the 2000’s you’ve already forgotten». Entertainmentwise. Arkivert frå originalen 2015-12-22. 
  16. «Don Partridge & Friends», Sonogram Records EFG 7344 (1973)
  17. Harry, Bill (2004). The Ringo Starr Encyclopedia. London: Virgin Books. s. 183. ISBN 9780753508435. 
  18. Harry, Bill (2004). The Ringo Starr Encyclopedia. London: Virgin Books. s. 182. ISBN 9780753508435. 
  19. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. s. 349. ISBN 0-89820-177-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]