Smash Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Smash Records er eit USA-amerikansk plateselskap. Det vart skipa i 1961 som eit underselskap av Mercury Records[1] av Mercury-direktøren Shelby Singleton og det vart drive av Singleton i lag med Charlie Fach. Fach tok over etter at Singleton slutta i Mercury i 1966. Av artistar i stallen var James Brown, Bruce Channel, Roger Miller, The Left Banke, Bill Justis og Jerry Lee Lewis.

Ein krangel med King Records førte til at James Brown gav ut alle dei instrumentale innspelingane til bandet sitt mellom 1964 og 1967 på Smash. Smash gav òg ut tre av vokalinnspelingane til Brown, mellom anna proto-funk-songen «Out of Sight» i 1964.[2]

Smash delte nummereringssystemet for singlane sine med andre selskap dei distribuerte. Det viktigaste av desse var Fontana Records. Mercury la ned Smash-etiketten i 1970.[3]

Mercury-eigaren PolyGram nytta Smash-etiketten for nyutgjevingar i 1980-åra. PolyGram starta opp att Smash i 1991 som ein R&B/dance-etikett med kontor i Chicago. Det var først under PolyGram Label Group (PLG)-paraplyen, så under Independent Label Sales (ILS)-paraplyen og så under Island Records fram til etiketten vart lagt ned att i 1996. Ein av hittane på Smash i denne perioden var «People Are Still Having Sex» av club-artisten LaTour. Ein annan suksessrik artist på dansegolvet var Jamie Principle.

Smash Records-artistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gillett, Charlie (1996). The Sound of the City: The Rise of Rock and Roll ((2nd Ed.) ed.). New York, N.Y.: Da Capo Press. s. 51. ISBN 0-306-80683-5. 
  2. «James Brown Biography». allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p3779/biography. Henta 27. september 2013. 
  3. http://www.bsnpubs.com/mercury/smash/smash.html
  4. Stefan Wirz. «Luke "Long Gone" Miles discography». Wirz.de. http://www.wirz.de/music/milesfrm.htm. Henta November 15, 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]