Hezekiél Sepeng
Hezekiél Sepeng | |
Statsborgarskap | Sør-Afrika |
Fødd | 30. juni 1974 (50 år) Potchefstroom |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Hezekiél Sepeng (fødd 30. juni 1974) er ein sørafrikansk tidlegare mellomdistanseløpar som vann sølvmedaljen på 800 meter under OL 1996 i Atlanta og under VM 1999 i Sevilla.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Sepeng sette personleg rekord med 1.42,74 då han vart andremann etter Vebjørn Rodal på 800-meterfinalen under dei olympiske sommarleikane i Atlanta 31. juli 1996. Dermed vart han den fyrste svarte sørafrikanaren som tok ein olympisk medalje. Tre år etter OL sikra Sepeng seg ein ny sølvmedalje på spesialdistansen, ved verdsmeisterskapen 1999 slått med fattige 0,02 sekund av kenyansk-danske Wilson Kipketer. Berre fem dagar etter VM-finalen sprang Sepeng ved eit stemne i Brussel sitt livs fortaste 800 meter, tida 1.42,69 gav andreplass etter Kipketer.
Sepeng kom på fjerdeplass i OL-finalen 2000, ei tevling som utvikla seg til eit lureløp og der tyske Nils Schumann overraskande vann. Sepeng tok seg til finalen på 800 meter både under VM 2001, VM 2003 og OL 2004, utan å kunne melde seg på i medaljestriden i nokon av tevlingane.
Doping
[endre | endre wikiteksten]Våren 2005 testa Sepeng positivt på dopingmiddelet nandrolon. Han vart stengt ut frå friidretten i 2 år.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1993 i Stuttgart: Nr 5 – 1.45,64
- VM 1995 i Göteborg: Utslått i semifinalane (1.49,58=nr 12)
- OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje – 1.42,74, bakom Vebjørn Rodal (1.42,58)
- VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane (1.47,00=nr 15). Nr 4 i 4 x 400 m stafett (3.00,2)
- VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 1.43,32, bakom Wilson Kipketer (1.43,30)
- OL 2000 i Sydney: Nr 4 – 1.45,29
- VM 2001 i Edmonton: Nr 8 – 1.46,68
- VM 2003 i Paris: Nr 7 – 1,45,74
- OL 2004 i Aten: Nr 6 – 1.45,53
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hezekiél Sepeng» frå Wikipedia på tysk, den 30. juli 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Hezekiél Sepeng» (på engelsk). Olympedia.
- Einskildmenn
- Fødde i 1974
- Sørafrikanske mellomdistanseløparar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sør-Afrika
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Sørafrikanske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Dopingsaker i friidrett