Vebjørn Rodal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vebjørn Rodal
Vebjorn Rodal Klabu2010.jpg
Fødd 16. september 1972
Rennebu
Yrke samfunnsøkonom, mellomdistanseløper, friidrettsutøvar
Vebjørn Rodal på Commons

Vebjørn Rodal (fødd 16. september 1972 i Berkåk) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar. Han vart olympisk meister på 800 m i 1996 og tok EM-sølv i 1994 og VM-bronse i 1995 i same øvinga. Rodal var medlem av Oppdal FIK. Han bur i Trondheim.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rodal slo gjennom i 1992-sesongen med personleg rekord på 800 m på gode 1.45,33. Internasjonalt deltok han same året i sitt første meisterskap i Sommar-OL 1992, der han deltok på 800 m og vart utslått i semifinalen. To år seinare sette han i Oslo norsk rekord med tida 1.43,50. Det same året vann han sølvmedaljen ved europameisterskapen i Helsingfors, bak italienaren Andrea Benvenuti. I 1995 kom han på bronseplass under verdsmeisterskapen i Göteborg.

OL-året 1996 og vidare[endre | endre wikiteksten]

Under Bislett Games 5. juli 1996 sprang Vebjørn Rodalinn til andreplass på tida 1.42,95, hans fyrste løp under 1.43. I Sommar-OL 1996 i Atlanta, den 31. juli, nådde han toppen med eit framifrå løp på 800-meteren. Fram til om lag 650 m låg han midt i feltet. Han gjekk så opp i ei knapp leiing, som han heldt heilt inn til mål. Fire mann kom i mål på under 1.43,00, og dette er til dags dato den kvassaste 800-meteren i noko internasjonalt meisterskap. Vinnartida var 1.42,58 og er gjeldande norsk rekord på distansen. Det var også olympisk rekord i 16 år, fram til David Rudisha slo han med tida 1.40.91 under leikane i London i 2012. Rodal er nummer 8 på verdsstatistikken over 800-meterløparar. Etter OL vart han tildelt både Fearnleys olympiske ærespris og Morgenbladets Gullmedalje.

Sesongen 1999 og framover var Rodal tidvis plaga med slitasjeskadar. Han nådde aldri same nivå som i 1994–96. Under OL i 2000 vart han nummer 8 i sitt semifinaleheat. I 2001-sesongen tevla han ikkje. Etter ei lite come-back i 2002 la han opp.

Nasjonale tevlingar[endre | endre wikiteksten]

Rodal vart norsk meister åtte gongar, seks gongar på 800 meter og to gongar på 1500 meter. På 1500 meter tevla han berre i nasjonale stemne. Hans bestetid kom under eit stemne i Byrkjelo 13. juli 1997, der han vart nummer to. Tida 3.37,5 var berre eit tidels sekund bak norgesrekorden.

Vebjørn Rodal er ein av Noregs fremste friidrettsutøvarar gjennom alle tider. På nasjonalt nivå utkjempa han mange harde tvekampar med landsmannen Atle Douglas. Internasjonalt målte han ofte krefter med kenyansk-danske Wilson Kipketer, den beste 800-meterløparen i verda på 1990-talet. Kipketer var utestengd frå OL 1996 grunna skifte av statsborgarskap.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Medaljar i norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 800 meter:
  • Gull: 1992, 1996, 1997, 1999, 2000 og 2002
  • Sølv: 1993 og 1995
  • 1500 meter:
  • Gull: 1995 og 1997

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000
Tid 1.45,33 1.45,83 1,43,50 1.44,05 1.42,58 1.44,24 1.44,17 1.45,95 1.44,84

Kjelder[endre | endre wikiteksten]