Hilary Lindh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hilary Lindh
Fødd 10. mai 1969
Juneau
Yrke alpinist

Hilary Lindh (fødd 10. mai 1969) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Juneau i Alaska som vart verdsmeister i utfor i 1997, og elles tok ein OL-sølv i 1992 og ein VM-bronse i 1996.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lindh debuterte i verdscupen i 1986 med ein 13.-plass i eit utforrenn i Vail i Colorado. Seks år seinare overraska ho stort ved å ta sølv i utforrennet under Vinter-OL 1992 i Albertville, berre seks hundredels sekund bak den kanadiske vinnaren Kerrin Lee-Gartner.

Lindh vann tre renn i verdscupen i alpine greiner, alle i utfor. Alle sigrane kom i året 1994, fordelt på ein triumf i Spania i byrjinga av februar, og to i desember i Nord-Amerika. Sesongen 1994/95 var ho verdas nest beste kvinnelege utforrennar, bakom landskvinna Picabo Street.

Under VM i alpine greiner 1996 i Sierra Nevada i Spania fekk Lindh ein bronsemedalje i utfortevlinga. Høgdepunkt oppnådde ho i VM i alpine greiner 1997 i Sestriere då ho vart verdsmeister i utfor, med seks hundredels sekund til gode på sølvvinnar Heidi Zurbriggen frå Sveits. Ved sesongslutt la ho alpinskia på hylla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar