Hilde Louise Asbjørnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hilde Louise Asbjørnsen
Hilde Louise Asbjørnsen Operaen Oslo Jazzfestival (214818).jpg
Fødd3. juni 1976 (45 år)
FødestadSykkylven
OpphavNoreg
Sjangerjazz
Instrumentvokal
PlateselskapRune Grammofon
Verka somsongar

Hilde Louise Asbjørnsen (fødd 3. juni 1976 i Sykkylven) er ein norsk jazzsonger, låtskrivar, revyartist og tekstforfattar. Ho er kjend gjennom eigne utgjevingar og framføringar. Ho er og kjend som den særmerkte stemma til Frøken Kanin i Karsten og Petra, filmane og serien.

Ho flytta til Oslo (1996), og studerte teatervitskap ved Universitetet i Oslo (1996–2001). Saman med Lene Kongsvik Johansen starta ho duoen «Asbjørnsen & Joh.» Ho har gitt ut plater og turnert ofte.

Ho er frontfigur i Hilde Louise Orchestra, som også omfattar musikarane Jens Fossum (bass), Hermund Nygård (trommer), Anders Aarum (tidlegare Per Husby, piano), Svein Erik Martinsen Ånestad (gitar), Atle Nymo (saksofon) og Kåre Nymark jr. (trompet).

Hun har og vore produksjonsleiar for God kveld, Borge!, Sjel og Showtime og Ett glass til. Ho har etablert produksjonsselskapet Sweet Morning Music AS (2008). I 2010 medverka Asbjørnsen i fjernsynsserien MaestroNRK 1, og vann denne dirigentkonkurransen. For innsatsen i oppsetninga av The ProducersOslo Nye Teater fekk hun Komiprisen 2011 i klassa beste kvinnelege artist, revy og komedie. I november 2015 hadde ho premiere på sitt eige The Lulu Show - livet er en dans på renter på Oslo Nye Teater.[1] For dette showet vann ho Komiprisen 2016 i klassen årets kvinnelege scenekomikar.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Eleven Nights and Two Early Mornings (Bonnier Amigo Music, 2004), produsert av Per Husby
  • Birdie Blues (UpNorth Discs, 2005), med Karin Krog som co-produsent
  • No vil eg vake med deg (UpNorth Discs, 2006), en hyllest til Monica Zetterlund, med Georg Wadenius som produsent
  • Sound Your Horn (Sweet Morning Records, 2008), produsert av Anders Aarum
  • Never Ever Going Back (Sweet Morning Records, 2010), produsert av Aarum/Smørdal
  • Divin' At The Oceansound (Sweet Morning Music/Grappa, 2011)
  • Månesjuk (Sweet Morning Music/Grappa, 2012)
  • 'Round About Christmas (Sweet Morning Music, 22 november 2013). Ane Brun medvirker på Christmas Is A Lullaby, Noora Noor medvirker på What Are You Doing On New Years Eve?.
  • Sweet Morning Music (Sweet Morning Music/Grappa, 2014).
  • Don't Stay For Breakfast (Grappa 2015)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. vg.no: «Teateranmeldelse: The Lulu Show»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]