Karin Krog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karin Krog

Fødd15. mai 1937 (86 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Aktiv1955–
Sjangerjazz
Instrumentvokal, Minimoog
PlateselskapEdition of Contemporary Music
Verka somjazzsanger, plateartist
Gift medJohn Surman, Johs. Bergh
PrisarSpellemannprisen for årets kvinnelige artist, Buddyprisen, Radka Toneff Minnepris, Spellemannprisen i jazz, Juryens hederspris i Spellemannprisen, Spellemannprisen i jazz, Norsk kulturråds ærespris

Karin Krog Bergh (fødd 15. mai 1937) er ein norsk jazzsongar. Ho er rekna som ein av dei fremste norske jazzvokalistane.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Karrieren til Krog byrja på jam sessions i Penguin Club i Oslo i 1955, og ho vart engasjert sekstetten til Kjell Karlsen. Ho vart etter kvart også kjend gjennom radioen. Då den fyrste jazzfestivalen i Molde vart arrangert, song ho der med kvartetten til Kjell Karlsen.

Frå 1962 hadde Krog si eiga gruppe, men samarbeidde også med kvintetten til Frode Thingnæs og trioen til Egil Kapstad. I 1964 gav ho ut sitt fyrste soloalbum, By Myself. I 1965 var ho med på å danne Norsk Jazzforum, der ho blant anna var leiar.[1]

I 1969 byrja Krog å studere song hos Ivo Knecevic. I dei følgjande åra samarbeidde ho med ei rekkje kjente nasjonale og internasjonale musikarar, som Jon Christensen, Niels-Henning Ørsted Pedersen, Kenny Drew, Don Ellis, Archie Shepp, John Surman, Red Mitchell og Bengt Hallberg.[2][3]

Krog har fått ei rekkje prisar, blant anna Buddyprisen, Radka Toneff Minnepris og Spellemannprisen fire gongar. Ho er også riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (2005).[4]

Krog var gift med programsekretæren og jazzhistorikaren Johs. Bergh frå 1957 til han døydde i 2001. Dei har to barn, Cathrine Bergh og Dot Elisabeth Bergh. Krog er oldebarn av musikaren og komponisten Anders Heyerdahl.[5]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 85 års omtale i Aftenposten 15. mai 2022
  2. Norsk Jazzarkiv (1. november 2013). «Krog, Karin». Arkivert frå originalen 17. januar 2014. Henta 6. april 2015. 
  3. Scott Yanow. «Karin Krog». Henta 6. april 2015. 
  4. Tildelinger - Karin Krog - kongehuset.no
  5. Norsk Jazzarkiv (1. november 2013). «Krog, Karin». Arkivert frå originalen 17. januar 2014. Henta 6. april 2015. 
  6. «Karin Krog mottok NOPAS hederspris». jazzinorge.no. 15. november 2017. Henta 10. april 2020. 
  7. «Karin Krog tildeles Kulturrådets ærespris». www.kulturradet.no (på norsk bokmål). Henta 23. september 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]