Hilversum
| Hilversum | |||
| by | |||
Rådhuset i Hilversum. | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Provins | Noord-Holland | ||
| Areal | 46,24 km² | ||
| Folketal | 91 235 (1. januar 2021)[1] | ||
![]() Hilversum 52°14′N 5°11′E / 52.23°N 5.18°E | |||
| Wikimedia Commons: Hilversum | |||
Hilversum er ein kommune og by i Nederland i provinsen Noord-Holland. Han ligg i regionen 't Gooi og er den største byen i området med om lag 85 000 innbyggjarar. Han er omgjeve av lyngheilandskap, skogar, enger, innsjøar og mindre landsbyar. Hilversum er ein del av Randstad, ein av dei største storbyområda i Europa.[2]
Hilversum ligg om lag 30 km søraust for Amsterdam og 25 km nord for Utrecht.
Byen vert ofte kalla «mediabyen» sidan dei største kontora for nasjonal radio og fjernsyn i Nederland ligg her. Radio Nederland, som har vore på kortbølgjeradio over heile verda sidan 1920-åra har basen sin her. I Hilversum ligg òg store kompleks med lyd- og fjernsynsstudio, i tillegg til studio og kontor for alle dei nederlandske rikskringkastingsorganisasjoane og fleire kommersielle TV-selskap.
Hilversum er òg kjend for det arkitektonisk viktige Raadhuis (rådhus) teikna av Willem Dudok (1884–1974).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Kerncijfers wijken en buurten 2021». 6. august 2021.
- ↑ http://www.regio-randstad.nl/index_eng.php
- Denne artikkelen bygger på «Hilversum» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2008.

