Noord-Holland
Provincie Noord-Holland Provinsen Nord-Holland | |||||
| |||||
![]() | |||||
Hovudstad | Haarlem | ||||
Største by | Amsterdam | ||||
Dronninga sin kommissær | Arthur van Dijk (VVD) | ||||
Religion (1999) | protestant 10% romersk-katolsk 20% jødisk 0,75% | ||||
Areal • Land • Vatn |
2 670 km² (6.) 1 421 km² | ||||
Folketal (2006) • Totalt • Folketettleik |
2 606 584 (2.) 976/km² (2.) | ||||
Hymne | «Ik houd van het groen in je wei» | ||||
Offisiell nettstad | www.noord-holland.nl |
Noord-Holland (vestfrisisk Noard-Holland) er ein provins i Nederland og ligg nordvest i landet. Administrasjonssenteret er Haarlem og andre store byar i provinsen er hovudstaden i landet, Amsterdam, Hilversum, Den Helder, Alkmaar, Zaandam og Hoorn.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Noord-Holland dannar ei halvøy mellom Nordsjøen og IJsselmeer. Meir enn halvparten av provinsen består av polderar, som tidlegare var under sjø eller vatn, og ligg derfor under havnivå. Øya Texel er òg ein del av Noord-Holland.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Provinsen Noord-Holland vart oppretta i 1840, då provinsen Holland vart delt i ein nordleg og ein sørleg del (Zuid-Holland) I 1940 vart øyane Vlieland og Terschelling overført til provinsen Friesland. I 1950 vart den tidlegare øya Urk ein del av provinsen Overijssel. I perioden under Dei sameinte Nederlanda var provinsen Holland kjend som provinsen «Holland og West-Friesland». Våpenskjoldet til Noord-Holland syner framleis dette.
Kommunar[endre | endre wikiteksten]
Noord-Holland er delt inn i 48 kommunar:
West-Friesland[endre | endre wikiteksten]
West-Friesland er ein region som er ein del av Noord-Holland, og ikkje ein del av provinsen Friesland.
Regionen består av kommunane:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettside
- Grunnleggjande informasjon Arkivert 2009-01-25 ved Wayback Machine.
- Kart over provinsen Arkivert 2005-02-08 ved Wayback Machine.
- Offisiell turistside
- Bilete frå Noord-Holland Arkivert 2009-06-26 ved Wayback Machine.
- Haarlem Shuffle
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «North Holland» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2008.