Hinanit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hinanit
חִנָּנִית, חיננית
landsby
Namneopphav: Tusenfryd
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Shomron
Koordinatar 32°28′49.07″N 35°10′19.56″E / 32.4802972°N 35.1721000°E / 32.4802972; 35.1721000
Grunnlagd 1981
 - Grunnlagd av fjelljødar
Tilhøyrsle HaMerkaz HaHakla'i
Kart
Hinanit
32°28′49″N 35°10′20″E / 32.480297222222°N 35.1721°E / 32.480297222222; 35.1721
Wikimedia Commons: Hinanit

Hinanit (hebraisk skrift חִנָּנִית, tyder 'Tusenfryd') er ein kollektiv landsby og ei israelsk busetjing nord på den okkuperte Vestbreidda, underlagt Shomron regionale kommune. Hinanit ligg like over Den grøne linja mellom Israel og den nordlege Vestbreidda, og ligg inntil den palestinske landsbyen 'Anin. Israel si sperring på Vestbreidda skil dei to busetnadane. Han ligg kring 15 km vest for byen Jenin. I 2006 hadde han 779 innbyggjarar. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Landsbyen vart grunnlagd i 1981 av fjelljødar frå Kaukasus. Han var opphavleg ein moshav og medlem av Moshavrørsla, men vart seinare omgjort til ein fellesbusetnad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.