Jenin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jenin
جنين, ג'נין, Jinin, Janin
kommune
Gate i Jenin, 2011
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Jenin guvernement
Koordinatar 32°27′40″N 35°18′00″E / 32.46111°N 35.30000°E / 32.46111; 35.30000
Areal 37,3 km²
Folketal 39 004  (2007)[1]
Folketettleik 1 046 / km²
Borgarmeister Hadem Rida
Kart
Jenin
32°27′40″N 35°18′00″E / 32.461111111111°N 35.3°E / 32.461111111111; 35.3
Wikimedia Commons: Jenin

Jenin (arabisk جنين, Ǧinīn, hebraisk skrift ג'נין) er ein palestinsk by nord på Vestbreidda. Han er det administrative senteret i Jenin guvernement og er eit stort jordbrukssenter for dei kringliggande byane. I 2007 hadde byen eit folketal på 39 004.[1] Jenin vert administrert av Den palestinske sjølvstyresmakta.

Jenin ligg oppom Jordandalen i aust og Jezreeldalen i nord.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Jenin var kjend i oldtida som landsbyen «Ein-Jenin» eller «Tel Jenin».[2] Tell Jenin ligg i sentrum av det som i dag er forretningsstrøket i Jenin.[3] Ordet 'ayn tyder «vasskjelde» på hebraisk og ordet Jenin kan vere knytt til det arabiske جنّة (janna), som tyder «hage».[treng kjelde] Der arbifiserte namnet «Jenin» kjem frå dette gamle namnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det arabiske amerikanske universitetet i Jenin.

Oldtida[endre | endre wikiteksten]

Det vart oppdaga fire terrakotta-lampar av fønikisk opphav datert til 700-talet fvt. i Ain Jenin av arkeologen G. I. Harding, og dette er tolka slik at det må ha vore kontakt eller handel mellom innbyggjarane i Jenin og Fønikia på den tida.[4] I romartida vart Jenin kalla Ginae. I tida kring Saladin Al Ayubi, kring 1187, låg det ei borg i nærleiken av Jenin.

Mamelukk-tida[endre | endre wikiteksten]

Seint på 1200-talet fekk mamelukk-emirar stasjonerte i Jenin ordre frå sultanen Qalawun om «å ri kvar dag med soldatane sine til borga i 'Akka, for å verne kysten og kjøpmennene.»[5]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Under styret til Det osmanske riket i Palestina (1517-1918) var Jenin, Lajjun og Karmel-området, styrt av beduinske sjeikar, i dette tilfellet Turabay-familien.[6] Midt på 1700-talet vart Jenin det administrative senteret i eit distrikt som omfatta Lajjun, Ajlun og Jabal Nablus.[7] Det finst indikasjonar på at området som utgjorde Jenin og Nablus i røynda var sjølvstyrt under det osmanske styret og at riket hadde vanskar med å få samla inn skatt her. Under Napoleon-felttoget i Egypt, som strekte seg inn i Syria og Palestina i 1799, skreiv ein lokal embetsmann frå Jenin eit dikt for å kalle lokale arabiske leiarar til å yte motstand mot Bonaparte, utan at han nemnte sultanen eller at dei skulle verne Det osmanske riket.[8] I osmansk tid var Jenin plaga av lokal krigføring mellom medlemmar av same klanen.[9]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Frå 1936 vart Jenin eit senter for vald mot styresmaktene i Det britiske mandatet. Sommaren 1938 sette innbyggjarane i byen i gang eit «intenst felttog av mord, skremming og sabotasje» som gjorde dei britiske styresmaktene «djupt uroa» i følgje ein rapport til Folkeforbundet.[10] Jenin var ein storaktør i arabararopprøret i Palestina 1936–39, etter dødsfallet til Izz ad-Din al-Qassam i ei skotutveksling med britisk kolonipoliti i den nærliggande byen Ya'bad. Jenin vart nytta av Den arabiske frigjeringshæren til Fawzi al-Qawuqji som ein base. Den 25. august 1938, dagen etter den britiske assistenten til distriktskommisæren vart myrda i kontoret sitt i Jenin, gjekk ein stor britisk styrke inn i byen. Dei hadde med seks store mengder sprengstoff, og etter at innbyggjarane vart beordra ut, sprengde dei eit kvarter i byen.[11]

Jordansk kontroll[endre | endre wikiteksten]

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart byen forsvart av den irakiske hæren, før han vart erobra ei kort stund av styrkar frå den isarelske Karmelbrigaden under «Tidagarskampane» etter at ein våpenkvile var over. Offensiven var i røynda eit skinnåtak fo rå trekkje arabiske styrkar bort frå den kritiske omleiringa av Jerusalem, og israelarane trekte seg raskt attende då arabiske forsterkingar nådde framm. Jenin flyktningleir vart grunnlagd i 1953 av Jordan for å huse forflytta palestinarar som flykta eller vart drivne bort under krigen i 1948. I 19 år var byen under jordansk kontroll. Ein krigsgravplass for irakiske soldatar og lokale stridande ligg i utkanten av Jenin.

Israelsk kontroll[endre | endre wikiteksten]

I 1967, på den første dagen av seksdagarskrigen, vart Jenin erobra av Det israelske forsvaret.

Palestinsk kontroll[endre | endre wikiteksten]

I 1996 gav Israel kontrollen av byen over til Den palestinske sjølvstyresmakta i tråd med Osloavtalen. Han vart av palestinarane kalla «Martyr-hovudstaden» og mange innbyggjarar har vore medlemmar i Al-Aqsa martyrbrigadane, Tanzim, Palestinsk Islamsk Jihad (PIJ) og Hamas.[12][13] I følgje Israel vart minst 28 sjølvmordsbombarar sendte ut frå Jenin i 2000–2003 under den andre intifadaen.[12]

Under [[den andre intifadaen], sette Israel i gang Operasjon Defensive Shield med mål om å bryte ned infrastrukturen til terroristane og på den måten stoppe sjølvmordsbombarane og andre militante aktivistar. Hæren kringsette og gjekk inn i seks store palestinske byar på Vestbreidda, mellom dei Jenin. I slaget ved Jenin i april 2002, mista 23 israelske soldatar og 52 palestinarar, inkludert sivile[14][15], livet.[16] Human Rights Watch rapporterte at flyktningleiren, som var ei stor slagmark, vart råka av store øydeleggingar. Israel meinte derimot at HRW hadde overdrive skildringane.[17] Dei neste åra var Jenin ofte underlagt portforbod og målretta attentat.

Under ei skotutveksling med Islamsk Jihad, som Israel meiner skaut mot soldatar frå innsida av eit SN-området, skaut og drap ein israelsk militær skarpskyttar ein britisk hjelpearbeidar i SN (UNRWA), Iain Hook (54) den 22. november 2002.[18] Skarpskyttaren trudde mobiltelefonen i handa til Hook hadde vore eit våpen eller ein granat.[19]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei offisiell folketeljing i 2007 hadde Jenin 39 004 innbyggjarar,[1] Jenin flyktningleir 10 371[1] med 9 571 registrerte flyktningar[20] på 373 mål. 42,3 % av folkesetnaden i leiren var under 15 år.

År Folketal i Jenin-området
1596 7 000[21]
1838 10 000-16 000[22]
1882 15 000[23]
1897 35 000[23]
1906 44 000[23]
1914 50 000[24]
1922 77 426[23]
1945 120 250[25]
1982 190 272[26]
1997 195 074[27]
2007 256 619[1]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 2007 Locality Population Statistics. Palestinsk statistisk sentralbyrå
  2. Mariam Shahin (2005). Palestine: A Guide. Interlink Books. s. 183. ISBN 1-56656-557-X. 
  3. Kohl et al., 2007, s. 339.
  4. Hadidi, 1995, s. 92.
  5. Ayalon and Sharon, 1986, s. 168.
  6. Chatty, 2006, s. 868.
  7. Doumani, 1995, s. 39.
  8. Quataert, 2005, s. 107.
  9. The Archeology of Warfare: Local Chiefdoms and Settlement Systems in the Jenin Region during the Ottoman Period
  10. The British in Jenin
  11. «The British in Jenin», History Today, July 2002, s. 2-4.
  12. 12,0 12,1 Lee, Ken (24. juni 2003). «Jenin rises from the dirt». BBC. Henta 21. september 2008. 
  13. United Nations Yearbook 2002. Bernan Press. 2002. ISBN 978-92-1-100904-0. Henta 9. september 2009. [daud lenkje]
  14. Krauss, Joseph. «Weary Vestbreidda fighters watch Gaza assault from afar». AFP / The Jordan Times.  - «Fifty-four Palestinians and 23 Israeli soldiers were killed in melee.»
  15. Katz, Yaakov (14. juli 2010). «IDF mulls entry to the West Bank cities by Jewish Israelis». JPost. 
  16. UN says no massacre in Jenin
  17. Winslow, 2007, s. 221, fotnote #4.
  18. Israel admits killing British UN worker BBC News 23. november 2002
  19. Fisher, Ian (24. november 2002). «Israel admits one of its soldiers killed U.N. officer in Jenin». New York Times (November 24). Henta 25. september 2015. 
  20. UNWRA Census
  21. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 52.
  22. Robinson, 1841, s. 39.
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 Meyer, 1907, s. 108.
  24. IIPA, 1966, s. 44.
  25. Hadawi, 1970, s. 45.
  26. Folketeljing av Israelsk statistisk sentralbyrå
  27. «palestinsk Population by Locality, Subspace and Age Groups in Years [Jenin guvernement]». Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS). 1997. Arkivert frå originalen 4. mars 2012. Henta desember 25, 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Jenin frå Wikivoyage