Yitzhar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yitzhar
יִצְהָר
landsby
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Shomron
Koordinatar 32°10′5.16″N 35°14′10.67″E / 32.1681000°N 35.2362972°E / 32.1681000; 35.2362972
Folketal 1 106  (2011)
Grunnlagd 1984
 - Grunnlagd av Amana
Kart
Yitzhar
32°10′05″N 35°14′11″E / 32.1681°N 35.236297222222°E / 32.1681; 35.236297222222
Wikimedia Commons: Yitzhar

Yitzhar (hebraisk skrift יִצְהָר) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda sør for byen Nablus. Det hovudsakleg ortodokse, jødiske samfunnet har eit folketal på 1106 (2011) og er underlagt Shomron regionale kommune.[1] I høve vilkåra i Osloavtalen frå 1993 mellom Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon, høyrer Yitzhar til område C under full israelske sivil og militær kontroll.[2]

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3]

Innbyggjarane i Yitzhar har eit rykte for å vere av dei mest ekstreme israelske nybyggjarane og er stadig i strid med israelske tryggingsstyrkar og palestinske sivile. Busetjinga er i framgrunnen for den såkalla «Prislapp-linja» som står for åtak mot palestinarar som hemn for handlingar frå dei israelske styresmaktene mot busetjingar på Vestbreidda.[4][5] I mai 2014 sa Shin Bet at hatkriminalitet og prislapp-metoden hovudsakleg gjaldt kring 100 ekstremistiske ungdommar, hovudsakleg frå Yitzhar, som handlar etter ideane til rabbi Yitzchak Ginsburg som held til i busetjinga.[6]

Yitzhar ligg aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 20,5 kilometer frå Den grøne linja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Settlements list». Peace Now. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 27. september 2011. 
  2. «LAND GRAB. Israel's Settlement Policy i Vestbreidda» (PDF). B'Tselem. May 2002. s. 111. 
  3. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. september 2011. 
  4. Levinson, Chaim (30. april 2010). «Yitzhar extremists: All settlers must fight construction freeze». Haaretz. 
  5. Amos Harel, Revital Hovel, Jack Khoury,'Security sources: 100 followers of racist rabbi are behind hate crimes,' Haaretz 8. mai 2014.
  6. Amos Harel, Revital Hovel, Jack Khoury,'Security sources: 100 followers of racist rabbi are behind hate crimes,' Haaretz 8. mai 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]