Hiroya Saitō

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hiroya Saitō i 2000 i Planica

Hiroya Saitō (fødd 1. september 1970) er ein japansk, tidlegare skihoppar frå YoichiHokkaido. Han vart olympiameister med Japans firemannslag under vinter-OL 1998 på heimebane i Nagano. I 1995 vann han VM-sølv i normalbakken i Thunder Bay i Canada.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Saitō debuterte i verdscupen i Sapporo den 14. desember 1991. Fyrst vinteren 1995 hevda han seg mellom dei beste i verda. I januar 1995 kom han på sjetteplass i normalbakken i eit verdscuprenn Sapporo. Dette sikra han plass i den japanske troppen til VM 1995. Der tok Saitō svært overraskande sølvmedaljen i normalbakken, berre slått av lagkameraten Takanobu Okabe. Seinare i meisterskapen var Saitō var med på å ta bronsemedaljen for Japan i laghoppinga.

Dei tre vintrane 1996, 1997 og 1998 høyrde Saitō med i verdseliten i skihopping. Han vart nummer åtte i den totale verdscupen for 1995/96, dei to neste sesongane kom han begge gongane på femteplass. Saitō vann sin fyrste siger i eit verdscuprenn i Chamonix i desember 1995, den andre og siste vann han sesongen etter, i tyske Willingen.

Under VM 1997 i Trondheim tok Saitō si tredje VM-medalje, igjen i laghopp. Saman med Takanobu Okabe, Masahiko Harada og Kazuyoshi Funaki vart det sølv i storbakken i Granåsen. Dei same fire hopparane sikra året etter japansk OL-gull i lagtevlinga under OL 1998 i Nagano, der Japan vann med vel 35 poeng over sølvlaget Tyskland.

Verdcupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
17. desember 1995 Chamonix Frankrike
2. februar 1997 Willingen Tyskland

Saitō la opp i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]