Hirtshals
| Hirtshals | |||
| by | |||
Byen sett frå Hirtshals fyr. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Region Nordjylland | ||
| Kommune | Hjørring kommune | ||
| Areal | 929,58 km² | ||
| Folketal | 5 347 | ||
| Tidssone | CET | ||
![]() Hirtshals 57°35′N 9°58′E / 57.59°N 9.96°E | |||
| Wikimedia Commons: Hirtshals | |||
Hirtshals er ein by i Vendsyssel i Danmark. Han ligg ved Skagerrak, og er særleg kjend for fiskehamna og ferjehamna si. I 2025 hadde byen 5 347 innbyggjarar.[1] Han var senter i Hirtshals kommune fram til den danske kommunalreforma i 2007, då Hirtshals kommune blei del av Hjørring kommune.
Hamna
[endre | endre wikiteksten]Byen er kjend for fiske- og ferjehamna si. Han har ferjesamband med Kristiansand, Larvik, Langesund, Stavanger og Bergen i Noreg. I tillegg går det ferje frå Hirtshals til Tórshavn på Færøyane og Seyðisfjörður på Island. Hirtshals hamn blei utbygd i 1919–1931 og sterkt utvida i 1966. Ho er den nest største fiskehamna i Danmark etter omsett mengd, berre overgått av Esbjerg på sørvestkysten av Jylland.
Det går motorveg frå byen direkte til Aalborg og vidare til Tyskland.
Museum
[endre | endre wikiteksten]Nordsøakvariet i Hirtshals er eit av dei fremste saltvassakvaria i Norden, og tek særleg for seg livet i Nordsjøen. Akvariet er tilknytt Nordsømuseet. Sommarturismen knytt til museet og ferjetrafikken er betydeleg.
Nær Hirtshals fyr ligg Bunkermuseet Hirtshals. 10. batteri er det einaste utgrovne, komplette tyske forsvarsanlegget frå andre verdskrigen i Danmark som er ope for publikum.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hirtshals» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2020.
