Historia til Antwerpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Antwerpen i 1572.

Byen Antwerpen i Belgia har ei lang historie, frå å vere ei lita busetting tidleg i mellomalderen, til å vere den største byen i Dei sytten provinsane ved byrjinga av åttiårskrigen. Særleg under kong Karl V og under det tidlege herredømmet til Filip II av Spania1500-talet var byen ein veldig velståande handelsby som var tonegjevande for heile Vest-Europa. Då byen fall etter den spanske kringsetjinga i 1585 og halvparten av innbyggarane flytta til byane i Holland (som var frie frå Spania), var den antwerpske gullalderen over. På 1800-talet voks Antwerpen ut til ein storby igjen, og hamna er no den andre største i Europa etter Rotterdam.

Førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Først i den eldre steinalderen begynner elva Schelde å renne der som no er området rundt Antwerpen. Før dette rann Schelde rett nordover frå det som no er Gent, men i holocen for rundt 10 000 år sidan fann elva seg nytt far til havet der ho renn no. Det blaute Schelde-området drog til seg leirar av menneske under mellomsteinalderen. Blant anna under utgravinga av hamnedokkane nord for byen, men også i nærleiken av festninga Steen vart det funne flintreiskapar frå tidleg mellomsteinalder.

Romartida[endre | endre wikiteksten]

Rundt 250 skriv romarane om Scaldis (elva Schelde) og Scinda (elva Schijn). Ved munningen av Schijn er det funne fleire arkeologiske spor og relikt etter ein gallo-romansk busetnad. Den største konsentrasjonen av funn var i sona mellom elva ved festninga Steen og hovudtorget Grote Markt. Ved ymse utgravingar i byen fann arkeologar store mengder romersk keramikk. Denne keramikken er av utmerkt kvalitet og varierte typar. Dette viser at det romerske Antwerpen var relativt viktig i sitt regionale område.

Påfallande er òg taksteinar som nemner «prim. cohors» eller 'første kohort'. Dei seinare utviklingar av byen gjer det uråd å fastslå definitivt korleis dette romerske Antwerpen har sett ut, men det står fast at det var meir enn ein vanleg landsbygd. Historikarar som Adriaan Verhulst plasserer ein romarleir på høgd med Antwerpen. Romerske bålrestar vart funne nært ved Oudaan og Steen, som viser at busettinga hadde ei viss utstrekning. Funn av myntar frå 300- og 400-talet dokumenterer at dette romerske Antwerpen ikkje forsvann etter den klassisk romerske perioden. Ei mogleg ny forklaring på namnet Antwerpen viser at kanskje kan dette namnet endåtil ha romersk opphav. Rundt året 645 vitja den heilage Eligius folkeslaget Andouerpi, som budde på høgre og venstre sida av Schelde.

Tidleg mellomalder[endre | endre wikiteksten]

Den tidlege mellomalderhistoria til byen har vore stoff til diskusjon i fleire tiår. Dette skyldast skorten på arkeologiske funn og pålitelege skriftlege kjelder.

Antwerpen blir først nemnt i samband med omvendingsmisjonen av Amandus og Eligius ca. midt på 600-talet, og desse kjeldene viser på ein busetnad med ein viss men uklar sentral funksjon. Fast står at Eligius ville omvende Antwerparane, og at han truleg vitja hovudbusettinga deira. Amandus skulle ha stifta ei kyrkje etter ønske av merovingarkongen Dagobert i dette tungtolka Antwerpen, og vigd henne til Peter og Paulus.

Viktigast er at det blir stifta ei kyrkje, som i den tidsalderen berre hende i maktsenter. På 600-talet er kyrkja i hendene på adelen i området, Pepinidane – ætta til Karl den store - som rundt 695 skjenkte denne kyrkja til den heilage Willibrord til stønad for omvendinga av området som no er Nederland. Truleg handlar det om ei kyrkje ved eit sentralt hoff som forvalta handverksaktivitet, administrasjon og landbruk. På dette tidspunktet er det ikkje mogleg enno å kalle Antwerpen for ein 'by'. I dette senteret blir det òg mynta på oppdrag av krona. I den perioden betyr det å slå mynter ikkje nødvendigvis å fabrikkere pengar, men det å lage mynter (tremissis) som gylne statussymbol som eliten brukte å skilje seg ut og å knyte seg til dei høgaste verdslege og kyrkjelege maktene. På 700-talet ser Antwerpen derfor ut til å vere eit senter av elitar, og til å ha hatt ein viss grad av inntekter. Dette kan forklare korfor kyrkja i Antwerpen blir gjeven som gåve til den heilage Willibrord og Echternachklosteret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]