Hjelmvarslarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hjelmvarslarar
Kvittopphjelmvarslar, Prionops plumatus Foto: Gabriel Buissart
Kvittopphjelmvarslar, Prionops plumatus
Foto: Gabriel Buissart
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Hjelmvarslarar Prionopidae
Swainson, 1824

Hjelmvarslarar er ei biologisk slekt av 8 artar av mellomstore sporvefuglar med habitat i krattskog eller opent skogsterreng i Afrika og Sør-Asia. Dei jakter insekt og små byttedyr i buskar og tre.

Hjelmvarslarar har eit levevis som liknar det ein finn hos varslarar, Laniidae. Dei liknar òg varslarar i kroppsbygging, men fjørdraktene er typisk meir fargerike. Dei kan ha karakteristiske fjørtoppar eller anna pynt på hovudet, som for eksempel hudlappar rundt auga, dette har òg gjeve gruppa namn.

Hjelmvarslarar er bråkete og sosiale fuglar som hekkar i lauslege koloniar. Dei legg 2-4 egg i fint gjorte, godt skjulte reir.

Dei var tidlegare klassifisert i varslarfamilien, Laniidae, i ein kort periode samla i ein eigen familie Prionopidae, saman med slektene oskefuglar, Tephrodornis og filentoma, Philentoma, etter siste revisjon av Clementslista er alle dei tre slektene frå Prionopidae del av vangafamilien Vangidae.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Hjelmvarslarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Slekt Prionops

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 3. november 2013 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]