Baklastar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baklastar i nedsenka stilling.

Baklastar er ein traktormontert løfte- og transportreiskap. Han fyllar på mange måtar same oppgåver som frontlastarar, men er i motsetning til denne montert bak på traktoren[1]. Bakmontering har den føremonen at det er bakhjula på traktoren som ber vekta av lasta, noko som aukar framkomlegheita på gjørmete eller glatt underlag. Baklastarar som er monterte i trepunktsopphenger kan òg vera lettare å montera av og på enn mange frontlastarar, men sume frontlastarar har òg snøggkoplingar. At føraren må vri set rundt for å sjå attover under arbeid er derimot ein ulempe med baklastarar. Frontlastarar er mykje meir utbreidde enn baklastarar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. E. Glemmestad, Maskiner i landbruket, Landbruksforlaget, 2. utg., 1974.