Horse of Copinsay

Koordinatar: 58°54′40″N 2°39′24″W / 58.91111°N 2.65667°W / 58.91111; -2.65667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Horse of Copinsay frå nordvest
Klippene i uvêr
Sørover frå austsida av Horse of Copinsay. Ein kan sjå Copinsay fyr på høgda i bakgrunnen.
Nokre «innbyggjarar» på øya og spor etter dei

Horse of Copinsay, òg berre kjend som the Horse, er ein firkanta staur utanfor nordaustsida av Copinsay i Orknøyane i Skottland.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Nordmennene var glade i å gje mindre øyar dyrenamn. Til dømes heiter ofte mindre øyar utanfor ei større øy «kalv-» eller «calf», som til dømes Calf of Flotta, Calf of Man eller Calf of Cava. Hest, eller «horse», er derimot relativt sjeldant.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste andre øyane i Orknøyane består Horse of Copinsay av gammal raud sandstein frå devontida.[2]

Mellom øya og Copinsay ligg Horse Sound og i sørvest ligg Corn Holm. Mainland i Orknøyane ligg rett vest og Auskerry og Stronsay ligg mykje lenger nord. Horse of Copinsay er den austlegaste av dei sørlege Orknøyane.

Blaster Hole er eit blåsehòl som på Northern Isles vert kalla ein gloup. Når det blæs kraftig frå aust, kan vasspruten stå nesten 60 meter til vêrs på grunn av dei kraftige bølgjene som vert pressa opp hòlet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Anderson, Joseph (Ed.) (1893) Orknøyaneinga Saga. Translated by Jón A. Hjaltalin & Gilbert Goudie. Edinburgh. James Thin og Mercat Press (1990 reprint). ISBN 0-901824-25-9
  2. 2,0 2,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

58°54′40″N 2°39′24″W / 58.91111°N 2.65667°W / 58.91111; -2.65667