Hopp til innhald

Hot Eyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hot Eyes

Aktiv1983–
Sjangerpop

Hot Eyes, i Danmark kjend som Kirsten og Søren, var ein dansk popduo som bestod av Kirsten Siggaard Andersen og Søren Bundgaard. Kirsten og Søren deltok i Dansk Melodi Grand Prix fem gongar i 1980-åra, og har representert Danmark i Eurovision Song Contest tre gongar: 1984, 1985 og 1988.

Duoen byrja samarbeidet sitt i byrjinga av 1970-åra, då bandet Pussycats tok Siggaard opp som medlem. Bandet skifta namn til Hokus Pokus,[1] og seinare til Sir Henry and his Butlers. Bandet deltok i Dansk Melodi Grand Prix i 1983 med melodien «Og livet går».[2] Seinare forlet Søren Bundgaard Sir Henry and his Butlers for å fortsetje samarbeidet med Kirsten Siggaard.

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

I 1984 representerte Hot Eyes Danmark i Eurovision Song Contest med poplåten «Det' lige det». Melodien kom på fjerdeplass, den beste plasseringa til Danmark sidan sigeren i 1963.[3] Siggaard var gravid med den fyrste sonen sin då ho opptredde i finalen.

I 1985 følgde duoen opp med «Sku' du spørg' fra no'en», der den ni år gamle dottera til Bundgaard, Lea, hadde ei sentral rolle under framføringa av låten.[4] Då Hot Eyes representerte Danmark for tredje gong i Eurovision Song Contest i 1988, var Siggaard 8 måneder og 29 dager på veg med den andre sonen sin,[5] som blei fødd tre veker etter tevlinga. Duoen kom på tredjeplass, som var den nest beste plasseringa til Danmark til då.

År Melodi Poeng[3] Plassering[3]
1984 «Det' lige det» 101 4
1985 «Sku' du spørg' fra no'en» 41 11
1988 «Ka' du se hva' jeg sa'» 92 3

I tillegg deltok Hot Eyes i Dansk Melodi Grand Prix i 1986 med «Sig det som det er», og i 1987 med «Farvel og tak».[6]

Hot Eyes blei offisielt oppløyst i 1990, men allerie etter ein turné i 1989 blei samarbeidet mellom duoen avslutta.[7]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Musikkalbum gjevne ut av Hot Eyes:[8]

  • 1984: Hot Eyes, gjeve ut på EMI.
  • 1985: Sku' du spørg' fra no'en, gjeve ut på EMI.
  • 1988: 3, gjeve ut på EMI.
  • 1988: Ka' du se hva' jeg sa', gjeve ut på Harlekin.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Bregning.it, Hokus Pokus. Besøkt 20. august 2014. (da)
  2. Eurovision-fr.net, Finale nationale Eurovision Danemark 1983. Besøkt 20. august. 2014.
  3. 3,0 3,1 3,2 Eurovision.tv, Denmark. Besøkt 20. august 2014.
  4. The Diggiloo Trush, Denmark - 1985. Besøkt 20. august 2014.
  5. Jostein Pedersen, Historien om Melodi grand prix. Bladkompaniet, Oslo 1996. Side 74.
  6. DR.dk, Dansk Melodi Grand Prix 1957-2013. Besøkt 20. august 2014. (da)
  7. Søk i danskefilm.dk. Søren Bundgaard. Besøkt 20. august 2014. (da)
  8. Discogs.com, Kirsten & Søren. Besøkt 20. august 2014.