Eurovision Song Contest 1985

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1985
Dato
Vertskap
Stad
Scandinavium[1]
Göteborg i Sverige
Programleiar(ar)
Lill Lindfors[2]
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Hellas
Israel
Kart
Røysting
Vinnar
Noreg med «La det swinge» av Bobbysocks
Eurovision Song Contest
1984 1986

Eurovision Song Contest 1985 var den 30. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann stad i Sverige som følgje av den svenske sigeren året før med Herreys og «Diggi-loo diggi-ley». Sveriges Television produserte sendinga, og finalen blei halden laurdag 4. mai 1985 i Scandinavium i Göteborg. Lill Lindfors var programleiar og skapte store overskrifter og sjokk i salen då ho «mista» kjolen rett før avrøystinga. Men kjole-episoden var eit godt planlagt stunt.

Til saman deltok 19 land, det same talet som året før. Jugoslavia og Nederland valde å ikkje delta, mens Hellas og Israel var tilbake etter fråværet i 1984.

For fyrste gong vann Noreg, representert av Bobbysocks og «La det swinge», skriven av Rolf Løvland. Sigeren skapte gledesrus og jubel i Noreg, og Bobbysocks blei teke imot som heltar i Noreg dagen etter finalen. I den påfølgjande veka spelte NRK radio «La det swinge» heile 429 gongar – tilsvarande 20 timar. Fjernsynsdirektør Otto Nes uttalte seinare humoristisk at sigeren var «det største som hadde hendt Norge siden svartedauden». Tyskland blei nummer to, mens vertslandet Sverige enda på tredjeplass med Kikki Danielsson og «Bra vibrationer». Storbritannia blei nummer fire, og Israel tok femteplassen, representert av 1978-vinnaren Izhar Cohen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Scandinavium i Göteborg.

Etter sigeren med «Diggi-loo diggi-ley» året før var Sverige vertskap for Eurovision Song Contest for andre gong. Fyrste gongen var i 1975, året etter at ABBA hadde vunne med «Waterloo». Sveriges Television la finalen til Göteborg og ishockeystadionet Scandinavium. Programleiar var artisten Lill Lindfors, som sjølv hadde delteke i tevlinga i 1966.

Hellas og Israel var tilbake etter eit års fråvær, mens Jugoslavia og Nederland trekte seg. Jugoslavia fordi tevlinga blei arrangert på nasjonen sin femårs-minnedag for den tidlegare presidenten i landet, Josip Broz Tito, og Nederland fordi 4. mai var landets minnedag for døde i krigar og konfliktar etter andre verdskrigen.[3] Dimed deltok 19 land, det same talet som året før.

Programmet hadde eit potensielt publikum på opptil 500 millionar sjåarar over heile Europa, Sovjetunionen, delar av Asia og i Australia. Rundt 7000 publikummarar var på plass i Scandinavium under finalen.[4][5]

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

Sendinga starta med ein kortfilm med bilete frå Göteborg og omland. Opningsmusikken var komponert av sjefdirigenten for tevlinga, Curt-Eric Holmquist.[5] Finalen var lagt opp på ein mer moderne måte enn åra føre, og med ei større scene enn tidlegare.[3]

Lill Lindfors leia finalen i 1985.

Programleiare Lill Lindfors tok også opp den ledige programleiarstilen til programleiaren frå året før, Désirée Nosbuschog, og opna finalen med å syngje «My Joy is Building Bricks of Music» – ein engelskspråkleg versjon av «Musik skall byggas utav glädje». Deretter ønskte Lill Lindfors velkommen til sjåarar og lyttarar. Ho gjennomførte introduksjonen berre på engelsk – og for fyrste gong blei ikkje fransk brukt; men under avrøystinga blei poenga repeterte på engelsk og fransk som tidlegare.

Finalen var den 30. i rekkja, og SVT hadde invitert den aller fyrste vinnaren av Eurovision Song Contest, Lys Assia, til Scandinavium. Assia var til stades i salen og blei heidra med stor applaus mens orkesteret spelte vinnarsongen hennar frå 1956, «Refrain». Lindfors presenterte også låtskrivarane til dei 19 deltakerlåtane, og låtskrivarane sat på plass i Scandinavium. Startrekkjefølgja var på førehand avgjord ved loddtrekking, og Irland opna finalen, mens Hellas avslutta han. Noreg hadde startnummer 13. Kvart land blei introduserte med ein kortfilm som syna låtskrivarane i omgjevnader som var representative for sitt land. Kortfilmen til Noreg synte Rolf Løvland om bord på ei oljeplattform.[4]

Ei rekkje av deltakarane hadde vore med i Eurovision Song Contest tidlegare. Blant dei var israelske Izhar Cohen som vann finalen i 1978, svenske Kikki Danielsson som deltok i duoen Chips for Sverige i 1982 og italienske Al Bano og Romina Power som hadde delteke i 1976. Begge medlemmane i Bobbysocks hadde også delteke tidlegare: Hanne Krogh for Noreg i 1971, og Elisabeth Andreasson med Chips for Sverige i 1982.

Lindfors «mista» kjolen[endre | endre wikiteksten]

Pausenummeret var ved gitaristane Peter Almqvist og Ulf Wakenius. Duoen kalla seg Guitars Unlimited og spelte eit potpurri av kjente svenske låtar. Etter pausenummeret skulle programleiar Lill Lindfors gå over scena for å starte avrøystinga. Då ho byrja å gå, hekta kjolen seg tilsynelatande fast i noko og blei ryskt av. Igjen stod Lindfors på scena i berre trusa. Frå salen kunne ein høyre eit stort gisp frå publikum, men «uhellet» var godt planlagt. I staden kunne Lindfors ta av to klyper på overdelen og deretter rulle overdelen ut, slik at ho fekk ein ny kjole. «I just wanted to wake you up a little» (eg ville berre vekke dykk litt), kvitterte Lindfors etter episoden.[4]

Men hendinga fekk konsekvensar. Oppsynsmannen i EBU, Frank Naef, som sjølv ikkje visste om kjole-episoden på førehand, fekk fleire negative tilbakemeldingar etter hendinga, og reglane blei endra. Frå 1986 av måtte generalprøven vere heilt identisk med direktesendinga.[6]

Avrøystinga[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ei jurygruppe med elleve lekfolk mellom 16 og 60 år, som dømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman poenga. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Tevlingssjef og oppsynsmann for avrøystinga var Frank Naef frå EBU. Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. 

Avrøystinga blei svært jamn og spennande. Irland var fyrste land ut og gav 12 poeng til Noreg. Dette var fyrste gongen Noreg fekk 12 poeng i Eurovision Song Contest. Sidan følgde nokre låge poengsummar for Noreg, og førehandsfavoritten Tyskland tok ei klår leiing. Halvvegs i avrøystinga låg Noreg på ein sjetteplass, men så klatra Noreg til en andreplass etter å ha fått 12 poeng av Belgia, Tyskland og Israel. Då Storbritannia berre gav 1 poeng til Tyskland, og 12 til Noreg, blei det ein tett kamp mellom Tyskland, Sverige og Noreg. Sidan følgde Sverige og Austerrike på med 12 poeng til Noreg, og då Luxembourg som nest siste land ut, gav 7 til Noreg, var den norske sigeren sikra med 123 poeng.

Noreg vinn for fyrste gong[endre | endre wikiteksten]

Etter ei rekkje sistesplassar og dårlege plasseringar åra føre blei Noreg plutseleg ein av favorittane til å vinne den internasjonale songtevlinga. Bobbysocks bestod av Hanne Krogh og Elisabeth Andreasson, og duoen vann den norske finalen i Oslo 30. mars med «La det swinge». Songen var skriven av Rolf Løvland. Etter den norske finalen var det stor optimisme i norsk presse. Måndagen etter finalen slo VG stort opp på forsida «Nå skal det swinge!» med bilete av Elisabeth Andreasson og Hanne Krogh liggjande på eit bilpanser.[7] Avisa meinte vinnarlåten var den beste Noreg hadde sendt på svært lang tid, og som «skapt for Grand Prix, med et fengende refreng». Også underhaldingssjefen i NRK, Harald Tusberg, var optimistisk og håpa på ein norsk siger i Göteborg.[8]

Mediedekning[endre | endre wikiteksten]

Jahn Teigen, ektemannen til sølvvinnaren Anita Skorgan i den norske finalen, var ikkje positiv til «La det swinge». Teigen meinte «La det swinge» toppen ville få ein 17. plass.[9] Det utvikla seg etter kvart til eit munnhoggeri mellom Bobbysocks og Teigen, og til slutt gjekk Teigen ut i VG og avviste at han håpa Bobbysocks ville gjere det dårleg.[10] VG prøvde å forsone dei to partane i eit eige intervju, men «isen ble ikke helt brutt», skreiv avisa.[11]

Dei neste dagane kom også plagiat-skuldingar mot vinnarmelodien, blant anna melodien «Lille stjerne» av den avlidne komponisten Herman Hermani.[12] Ingen av skuldingane førte fram, og «La det swinge» blei det norske bidraget i Eurovision Song Contest 4. mai.

Bobbysocks under prøvane til Eurovision Song Contest.

Fram mot den internasjonale finalen skreiv pressa, med VG i spissen, ivrig om Bobbysocks. Hanne Krogh hadde ei dagbok i avisa, og kunne to dagar før finalen roe alle med at den ikoniske jakka var kommen til rette etter å ha vore borte i fleire dagar.[13] Fram mot finalen segla Noreg opp som ein utfordrar til sigeren, men dei største favorittane var Tyskland, Israel, Sverige, Spania og Danmark.[14] Aftenposten kunne melde om trampeklapp for Noreg under generalprøven 3. mai.[15]

Finalen 4. mai[endre | endre wikiteksten]

Under finalen var det stor optimisme og spenning blant norske tv-sjåarar og presse. Då Noreg kom på scena som land nummer 13, blei Bobbysocks møtt med enorm jubel og applaus før og etter framføringa – det var mange nordmenn i salen. I tillegg til Bobbysocks var Kari Gjærum, Håkon Iversen og Per Øystein Sørensen med som koristar. Låtskrivar Rolf Løvland var også på scena som pianist. Terje Fjærn dirigerte orkesteret under den norske framføringa.

Veslemøy Kjendsli kommenterte finalen for NRK Fjernsynet, mens Eirik Heyerdahl og Jahn Teigen kommenterte på NRK P1 og P2.[16][17] Erik Diesen las dei norske jurypoenga frå studio på NRK Marienlyst i Oslo.

«Bobbysjokket»[endre | endre wikiteksten]

I avrøystinga vann Noreg med åtte 12-poengarar og til saman 123 poeng. Dette var den fyrste sigeren til Noreg i Eurovision Song Contest, og då Hanne Krogh og Elisabeth Andreasson kom stormande på scena etter sigeren, blei dei møtte av eit jublande publikum som song «Seier'n er vår». Programleiar Lill Lindfors var også glad på Noreg sine vegner og sa: «Jeg må helt ærlig si at jeg er veldig glad for at dette skjedde, for Norge har kommet sist så mange ganger, så dere fortjener det virkelig!» – der Krogh svara: «Du er lykkelig? Hva tror du vi er!?»[4]

Gleda var like stor heime i Noreg. I Karl Johans gate i Oslo dansa hundrevis av jublande menneske etter sendinga, og politiet kunne melde om stor feiring landet over.[18] VG gav ut eit eige Grand Prix-ekstra og kalla sigeren for «større enn OL-gull».[19] Fjernsynsdirektør Otto Nes proklamerte også med glimt i auget at «seieren var det største som hadde hendt Norge siden svartedauden!»[20]

«Med Bobbysjokket opplevde det norske publikum, og forsåvidt landets artister med, det ingen hadde trodd på: Det 'umulige' ble mulig. I et kort øyeblikk opplevde vi hvordan Europas oppmerksomhet vendte seg mot periferien, og det rystet oss ikke så lite å være i sentrum i 3 minutter.» skreiv Geir Johnson i boka si Norge i Melodi Grand Prix.[21]

Hanne Krogh og Elisabeth Andreasson køyrde ein sigersparade frå Svinesund til Oslo dagen etter finalen, i ein eigen rosa Bobbysocks-cabriolet. 2000 menneske venta på songarane ved grensa, og politikammera i Østfold slost om å få eskortere vinnarane inn mot Oslo. I hovudstaden hylla 3000 frammøtte dei to vinnarane da dei kom til Grand Hotel.[22][23][24] Måndag kveld blei Bobbysocks invitert med på diplomatmiddag med statsminister Kåre WillochAkershus slott.[25]

I veka etter sigeren spelte NRK radio «La det swinge» heile 429 gongar – tilsvarande 20 timar.[21] Den internasjonale finalen blei sett av 95 prosent av alle nordmenn over 15 år, ifølgje ei spørjeundersøking ScanFact gjorde for VG. Finalen blei også det best likte tv-programmet i Noreg i heile 1985.[26] Sigeren har fleire gongar også blitt trekt fram som eit av dei største TV-augneblikka i Noreg, og blei i 2022 vigd ein eigen episode av NRK-dokumentarserien Hele historien.[27]

Prisar og suksess[endre | endre wikiteksten]

Dagen etter sigeren byrja spekulasjonane om kva for ein norsk by som skulle arrangere Eurovision Song Contest 1986, til slutt trekte Bergen det lengste strået i tøff tevling med Stavanger og Oslo. Debatten gjekk også høgt om kven som skulle leie showet, og VG arrangerte ei avrøysting der Wenche Myhre blei folket sitt fyrsteval som programleiar. Til slutt valde NRK valde Åse Kleveland, songaren som hadde representert Noreg i tevlinga 20 år tidlegare.[20]

Bobbysocks fekk stor suksess i Noreg og gjorde det godt på hitlister i fleire land i Europa. I Noreg samla turneen Swinging Tour '85 heile 250 000 tilskodarar, og Stortinget heidra Bobbysocks med Peer Gynt-statuetten for å ha bidrege til å gjere Noreg kjend i utlandet. Bobbysocks fekk også heidersprisen under Spellemannprisen 1985.[28]

Deltakarar[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[29] Tabellen er rangert etter startrekkefølgja; plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Sang Språk Plass Poeng
01 Irland Maria Christian «Wait Until the Weekend Comes» Engelsk 6 91
02 Finland Sonja Lumme «Eläköön elämä»  Finsk 9 58
03 Kypros Lia Vissi «To katálava argá» (Το κατάλαβα αργά) Gresk 16 15
04 Danmark Hot Eyes[30] «Sku' du spørg' fra no'en?» Dansk 11 41
05 Spania Paloma San Basilio «La fiesta terminó» Spansk 14 36
06 Frankrike Roger Bens «Femme dans ses rêves aussi» Fransk 10 56
07 Tyrkia MFÖ «Didai didai dai» Tyrkisk 14 36
08 Belgia Linda Lepomme «Laat me nu gaan» Nederlandsk 19 7
09 Portugal Adelaide «Penso em ti, eu sei» Portugisisk 18 9
10 Tyskland Wind «Für alle» Tysk 2 105
11 Israel Izhar Cohen «Ole, ole» (עולה, עולה) Hebraisk 5 93
12 Italia Al Bano og Romina Power «Magic Oh Magic» Italiensk 7 78
13 Noreg Bobbysocks «La det swinge» Norsk 1 123
14 Storbritannia Vikki «Love Is …» Engelsk 4 100
15 Sveits Mariella Farré og Pino Gasparini «Piano, piano» Tysk 12 39
16 Sverige Kikki Danielsson «Bra vibrationer» Svensk 3 103
17 Austerrike Gary Lux «Kinder dieser Welt» Tysk 8 60
18 Luxembourg Margo, Franck Olivier, Diane Solomon,
Ireen Sheer, Chris og Malcolm Roberts
«Children, Kinder, Enfants» Fransk 13 37
19 Hellas Tákis Biniáris «Miázoume» (Μοιάζουμε) Gresk 16 15

Tilbakevendande artistar[endre | endre wikiteksten]

Artist Land Deltok i Merknadar
Rhonda Heath (støttevokalist) Austerrike 1977 Representerte Tyskland som del av gruppa Silver Convention
Gary Lux Austerrike 1983, 1984 Deltok som del av gruppa Westend i 1983 og var støttevokalist for Anita i 1984
Hot Eyes[31] Danmark 1984
Izhar Cohen Israel 1978 Vann i 1978 saman med Alphabeta
Al Bano og Romina Power Italia 1976
Lia Vissi Kypros 1979, 1980 Var støttevokalist for Elpida i 1979 og for Anna Vissi i 1980, begge gongane for Hellas.
Ireen Sheer Luxembourg 1974, 1978 Representerte Tyskland i 1978.
Hanne Krogh (del av Bobbysocks) Noreg 1971
Elisabeth Andreasson (del av Bobbysocks) Noreg 1982 Representerte Sverige som del av gruppa Chips
Kikki Danielsson Sverige 1982 Som del av gruppa Chips
Pino Gasparini Sveits 1977 Som del av gruppa Pepe Lienhard Band
Mariella Farré Sveits 1983

Poengtavla[endre | endre wikiteksten]

Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[32]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Irland 1 7 3 4 3 5 8 8 4 8 12 3 3 5 7 10 91 6
Finland 6 6 6 3 1 7 7 2 10 10 58 9
Kypros 1 3 3 8 15 16
Danmark 3 10 3 1 6 2 6 5 5 41 11
Spania 2 8 1 12 2 4 1 6 36 14
Frankrike 5 4 1 3 3 10 2 4 6 3 3 12 56 10
Tyrkia 7 2 3 1 2 1 8 12 36 14
Belgia 7 7 19
Portugal 2 7 9 18
Tyskland 4 10 12 10 10 8 10 7 7 8 1 8 10 105 2
Israel 8 5 4 8 12 5 7 5 10 5 7 2 7 6 2 93 5
Italia 6 10 1 12 5 8 2 12 4 6 12 78 7
Noreg 12 4 12 1 2 12 12 12 6 12 6 12 12 7 1 123 1
Storbritannia 5 7 5 5 6 10 6 6 5 2 8 7 10 4 2 8 4 100 4
Sveits 3 2 6 6 5 4 1 5 1 1 2 3 39 12
Sverige 10 12 8 2 7 4 7 8 6 4 12 6 8 4 5 103 3
Austerrike 3 7 1 4 10 10 2 10 1 3 4 5 60 8
Luxembourg 2 4 10 3 5 1 4 8 37 13
Hellas 8 7 15 16

12 poeng[endre | endre wikiteksten]

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Mottakarland 12 poeng frå
8 Noreg Austerrike, Belgia, Danmark, Irland, Israel, Storbritannia, Sverige, Tyskland
3 Italia Luxembourg, Portugal, Spania
2 Sverige Finland, Noreg
1 Frankrike Hellas
Irland Italia
Israel Frankrike
Spania Tyrkia
Tyrkia Sveits
Tyskland Kypros

Dirigenter[endre | endre wikiteksten]

Mens Curt-Eric Holmquist var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentene til deltakerlanda, lista etter startrekkjefølgja.[33]

  1. Irland – Noel Kelehan
  2. Finland – Ossi Runne
  3. Kypros – Kharis Andreadis
  4. Danmark – Wolfgang Käfer
  5. Spania – Juan Carlos Calderón
  6. Frankrike – Michel Bernholc
  7. Tyrkia – Garo Mafyan
  8. Belgia – Curt-Eric Holmquist
  9. Portugal – José Calvário
  10. Tyskland – Rainer Pietsch
  11. Israel – Kobi Oshrat
  12. Italia – Fiorenzo Zanotti
  13. Noreg – Terje Fjærn
  14. Storbritannia – John Coleman
  15. Sveits – Anita Kerr
  16. Sverige – Curt-Eric Holmquist
  17. Austerrike – Richard Österreicher
  18. Luxembourg – Norbert Daum
  19. Hellas – Kharis Andreadis


Kommentatorar og poengopplesarar[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa på engelsk eller fransk over telefon.[34] Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga:

  1. Irland – John Skehan
  2. Finland – Annemi Genetz
  3. Kypros – Anna Partelidou
  4. Danmark – Bent Henius
  5. Spania – Matilde Jarrín
  6. Frankrike – Clémentine Célarié
  7. Tyrkia – Fatih Orbay
  8. Belgia – An Ploegaerts
  9. Portugal – Maria Margarida Gaspar
  10. Tyskland – Christoph Deumling
  11. Israel – Yitzhak Shim'oni[35]
  12. Italia – Beatrice Cori
  13. Noreg – Erik Diesen
  14. Storbritannia – Colin Berry[36]
  15. Sveits – Michel Stocker[37]
  16. Sverige – Agneta Bolme Börjefors[38]
  17. Austerrike – Chris Lohner
  18. Luxembourg – Frédérique Ries
  19. Hellas – Kelly Sakakou


Kommentatorer og sendinger[endre | endre wikiteksten]

Sendingen ble overført til deltakerlandene samt til øvrige land som Australia, Island, Nederland og Sovjetunionen. De fleste hadde kommentatorer som formidlet informasjon og hendelser direkte til seerne. Oversikt over kommentatorer og poengopplesere under Eurovision Song Contest 1985:[39]

Land Kringkastar Kanal Kommentator(ar)
Austerrike ORF FS1 Ernst Grissemann[40][41][42]
Belgia BRTN BRT TV1 Nederlandsk: Luc Appermont[43][44][45]
RTBF RTBF1 Fransk: Jacques Mercier[45][46]
Danmark Danmarks Radio DR TV Jørgen de Mylius[47]
Finland Yle Yle TV1 Kari Lumikero[48]
Frankrike France Télévision Antenne 2 Patrice Laffont[46]
Hellas ERT ERT1 Mako Georgiadou[49][50][51]
Irland RTÉ RTÉ 1 Linda Martin[52]
RTÉ Radio 1 Larry Gogan[53][54]
Israel IBA Israelsk fjernsyn Ingen kommentator[55]
Reshet Gimel Yigal Ravid[55]
Italia Rai Rai Due Rosanna Vaudetti (sendt i opptak same kveld frå 22.30)[56]
RaiStereoUno Ukjent (sendt i opptak same kveld frå 22.30[57]
Kypros RIK RIK TV Themis Themistokleous [58][59]
Luxembourg CLT RTL Télévision Fransk: Valérie Sarn[46]
RTL plus Tysk: Oliver Spiecker[60]
Noreg NRK NRK Fjernsynet Veslemøy Kjendsli[17]
NRK P1 Erik Heyerdahl og Jahn Teigen[16]
NRK P2
Portugal RTP RTP1 Eládio Clímaco[61][62][63]
Spania TVE TVE 2 Antonio Gómez Rufo[64][65][66]
Storbritannia BBC BBC1 Terry Wogan[67]
BFBS BFBS Radio Richard Nankivell[68]
Sveits SRG SSR DRS Tysk: Bernard Thurnheer[69]
TSR Fransk: Serge Moisson[70]
TSI Italiensk: Ezio Guidi[71]
Sverige SVT TV1 Fredrik Belfrage[38]
SR SR P3 Jan Ellerås og Rune Hallberg[38]
Tyrkia TRT TRT Televizyon Başak Doğru[72]
Tyskland ARD Erstes Deutsches Fernsehen Ado Schlier[73]
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator
Australia SBS SBS TV Brukte BBC-kommentaren til Terry Wogan. Vist i opptak dagen etter[74]
Island RÚV Sjónvarpið Hinrik Bjarnason[75]
Jugoslavia JRT TV Skopje 1 Snežana Lipkovska-Hadžinaumova (opptak)
Nederland Olympus TV Gerrit den Braber, sendt i opptak dagen etter[76][77]
Polen TP TP1 Ukjend, vist i opptak 25. mai 1985[78]
Sovjetunionen CT USSR Program 1 Ukjend
Tsjekkoslovakia ČST ČST2 Ukjent, vist i opptak 1. juni 1985[79]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  2. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  3. 3,0 3,1 «Eurovision Song Contest – Gothenburg 1985». eurovision.tv. Henta 21. januar 2022. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Terry Wogan, BBC-kommentator (4. mai 1985). «Eurovision Song Contest 1985 – full show». BBC/SVT/EBU. Henta 21. januar 2023 – via YouTube. 
  5. 5,0 5,1 Veslemøy Kjendsli, NRK-kommenator (4. mai 1985). «Eurovision Song Contest 1985 – norsk kommentator». NRK/SVT/EBU. Henta 21. januar 2023 – via YouTube. 
  6. «Interview with Frank Naef – Part II». eurovision.tv (på engelsk). 8. februar 2017. Henta 21. januar 2023. 
  7. «Nå skal det swinge!». Verdens Gang. 1. april 1985. s. 1. 
  8. Bakkemoen, Kurt (1. april 1984). «Bra låt». Verdens Gang. s. 39–42. 
  9. «Jahn: Vinner ikke». Verdens Gang. 1. april 1985. s. 40. 
  10. Teigen, Jahn (2. mai 1985). «Håper ikke på 17.-plass». Verdens Gang. s. 36. 
  11. Bakkemoen og Stensland, Kurt og Morten (2. mai 1985). «Isen ikke brutt». Verdens Gang. s. 35. 
  12. Harbo, Hilde (2. april 1985). «Hermann Hermanis datter: Svært lik "Lille stjerne"». Aftenposten. s. 7. 
  13. Krogh, Hanne (2. mai 1985). «Jakken funnet». Verdens Gang. s. 36. 
  14. Bakkemoen, Kurt (4. mai 1985). «Ingen stor-favoritt i kveld». Verdens Gang. s. 52. 
  15. Marcussen, Tor (4. mai 1985). «Trampeklapp for norsk/svensk». Aftenposten Aften. s. 7. 
  16. 16,0 16,1 «NRK P1 1985.05.04 : programrapport». urn.nb.no. Nasjonalbiblioteket og NRK Radio. 4. mai 1985. s. 51. Henta 15. august 2017. 
  17. 17,0 17,1 «NRK P2 1985.05.04 : programrapport». urn.nb.no. Nasjonalbiblioteket og NRK Radio. 4. mai 1985. s. 2. Henta 15. august 2017. 
  18. «Norge svingte». Verdens Gang. 6. mai 1985. s. 18. 
  19. «– Større enn OL-gull». Verdens Gang. 6. mai 1985. s. 22. 
  20. 20,0 20,1 Borge, Knut; Kristiansen, Morten M. (1986). Det største siden Svartedauen : om nordmennene og Melodi Grand Prix 1985–86. Gyldendal. ISBN 8205166935. 
  21. 21,0 21,1 Johnson, Geir (1986). Norge i Melodi Grand Prix. Atheneum. s. 21–22. ISBN 8273341232. 
  22. «Trumf-ferd». Verdens Gang. 6. mai 1985. s. 18. 
  23. Letvik, Håkon (6. mai 1985). «Heltemottagelse i Oslo». Aftenposten. s. 12. 
  24. «Dagsnytt: Norge i seiersrus etter seieren i Melodi Grand Prix. Reportasje fra stemningen på Karl Johan og aviskommentarer. Dagsnytt». Norsk rikskringkasting. 6. mai 1985. Henta 4. oktober 2016. «Lydopptak» 
  25. Lie, Wenche (6. mai 1985). «Bobbysocks i diplomatmiddag på Akershus: Slottsswing alt ikveld». Aftenposten. s. 20. 
  26. Berby, Tom (28. desember 1985). «TV-toppen -85». Verdens Gang. s. 50–51. 
  27. «Eurovision 1985 - triumfen med Bobbysocks - Hele historien». NRK Radio (på norsk). Henta 21. januar 2023. 
  28. Pedersen, Jostein (1996). Historien om Melodi grand prix. Bladkompaniet. s. 62. ISBN 8250934679. 
  29. «Final of Gothenburg 1985 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Den europeiske kringkastingsunion. Henta 17. september 2022. 
  30. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  31. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  32. «Eurovision Song Contest 1985 – Scoreboard». eurovision.tv. 2017. Arkivert frå originalen 7. august 2017. Henta 21. januar 2023. 
  33. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  34. «How the Eurovision Song Contest works | Eurovision Song Contest». eurovision.tv (på engelsk). 18. mai 2019. Arkivert frå originalen 31. mai 2022. Henta 4. oktober 2022. 
  35. «פורום אירוויזיון». Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 10. august 2012.  «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 21. januar 2023. 
  36. Roxburgh, Gordon (2020). Songs For Europe – The United Kingdom at the Eurovision Song Contest, Volume Four: The 1990s. Telos Publishing. s. 65–76. ISBN 978-1-84583-163-9. 
  37. Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
  38. 38,0 38,1 38,2 Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 214–215. ISBN 91-89136-29-2. 
  39. «The Eurovision Song Contest (1985)». imdb.com. Henta 24. juli 2017. 
  40. «Grissemann». scheibmaier.at. Arkivert frå originalen 20. januar 2012. Henta 10. august 2017. 
  41. Mutavdzic, Sascha (OGAE Austria)
  42. Halbhuber, Axel (22. mai 2015). «Ein virtueller Disput der ESC-Kommentatoren». kurier.at (på tysk). Kurier. Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 15. januar 2023. 
  43. Adriaens, Manu & Loeckx-Van Cauwenberge, Joken. Blijven kiken!. Lannoo, Belgium. 2003 ISBN 90-209-5274-9
  44. Dick Versteeg (3. mai 1985). «Buiten beeld». Leeuwarder courant – hoofdblad van Friesland (på nederlandsk). Delpher. s. 2. Henta 21. januar 2023. 
  45. 45,0 45,1 «T.V. Programma's». De Voorpost (på nederlandsk). Digitaal krantenarchief - Stadsarchief Aalst. 30. mai 1985. s. 47. Henta 21. januar 2023. 
  46. 46,0 46,1 46,2 «1985 – Goteborg». songcontest.free.fr. Henta 21. januar 2023. 
  47. «Programoversigt – 04/05/1985». www.larm.fm. LARM. Henta 21. januar 2023. 
  48. «Radio · Televisio». nakoislehti.hs.fi. Helsingin Sanomat. 4. mai 1985. s. 59. Henta 14. november 2022. (krev abonnement (help)). 
  49. «Η Μακώ Γεωργιάδου και η EUROVISION (1970–1986)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 10. august 2012. 
  50. ΙΝ, Σύνταξη (8. mai 2013). «Οι Παρουσιαστές του θεσμού της Eurovision». in.gr (på gresk). Henta 21. januar 2023. 
  51. «ERT – Sabbato (ΕΡΤ – Σάββατο)» (PDF) (på gresk). Laos. 4. mai 1985. s. 6. Arkivert frå originalen (PDF) 14. januar 2023. Henta 14. januar 2023 – via Veria offentlige sentralbibliotek. 
  52. «Television Saturday». The Irish Times Weekend. 4. mai 1985. s. 7. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  53. Ken Sweeney (18. april 2012). «Larry Gogan loses his Eurovision ticket». independent (på engelsk). Henta 3. desember 2022. 
  54. «Radio – Saturday». The Irish Times Weekend. 4. mai 1985. s. 7. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  55. 55,0 55,1 «'Madrikh radio – Shabat 4.5' מדריך רדיו – שבת 4.5». Hadashot (på engelsk). The National Library of Israel. 3. mai 1985. s. 45. Henta 21. januar 2023. 
  56. «In televisione». La Stampa. La Stampa – Consultazione Archivio. 4. mai 1985. Henta 21. januar 2023. 
  57. «Oggi programmi tv – alla radio». La Stampa. www.archiviolastampa.it. 4. mai 1985. Henta 21. januar 2023. 
  58. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)
  59. «H Eυριδίκη επιστρέφει στην... Eurovision! Όλες οι λεπτομέρειες...(ΒΙΝΤΕΟ)». www.alphanews.live (på gresk). Henta 15. januar 2023. 
  60. «Zaterdag 4 mei 1985». Limburgs Dagblad TV Week (på nederlandsk). Delpher. 3. mai 1985. s. 4. Henta 21. januar 2023. 
  61. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Arkivert frå originalen 21. april 2012. Henta 10. august 2012. 
  62. «Televisão». Diário de Lisboa. casacomum.org. 4. mai 1985. s. 23. Henta 21. januar 2023. 
  63. N-TV (7. april 2018). «O número do dia. Quantos festivais comentou Eládio Clímaco na televisão portuguesa?». N-TV (på portugisisk). Henta 21. januar 2023. 
  64. «FORO FESTIVAL DE EUROVISIÓN • Ver Tema - Uribarri comentarista Eurovision 2010». Eurosongcontest.phpbb3.es. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 10. august 2012. 
  65. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023. 
  66. «Esta noche tiene lugar el Festival de Eurovisión 1985, por TV2, con Paloma San Basilio». La Vanguardia. Hemeroteca - La Vanguardia. 4. mai 1985. Henta 21. januar 2023. 
  67. «Eurovision Song Contest 1985 – BBC One». Radio Times. BBC Genome Project. 4. mai 1985. Henta 21. januar 2023. 
  68. Roxburgh, Gordon (2020). Songs For Europe – The United Kingdom at the Eurovision Song Contest, Volume Four: The 1990s. Telos Publishing. s. 227–239. ISBN 978-1-84583-163-9. 
  69. «TV + Radio • Samstag». Bieler Tagblatt (på tysk). e-newspaperarchives.ch. 4. mai 1985. s. 30. Henta 21. januar 2023. 
  70. «TV – Samedi 4 mai». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 2. mai 1985. s. 24–25. Henta 21. januar 2023. 
  71. «Programmi tv». Gazzetta Ticinese. Archivio digitale Sbt dei Quotidiani e Periodici - Lugano. 4. mai 1985. s. 17. Henta 21. januar 2023. 
  72. «Televizyon». Cumhuriyet. 4. mai 1985. s. 4. Arkivert frå originalen 14. januar 2023. 
  73. «Eurovision Song Contest 1985». www.ecgermany.de. Henta 21. januar 2023. 
  74. «Television». The Canberra Times (på engelsk). 5. mai 1985. s. 12. Henta 21. januar 2023. 
  75. «Útvarp/Sjónvarp». Dagblaðið Vísir – DV (på islandsk). Tímarit.is. 3. mai 1985. s. 23. Henta 21. januar 2023. 
  76. «Pioniersgeest NOS door project Olympus - NDC mediagroep - De Krant van Toen». www.archiefleeuwardercourant.nl. Henta 6. august 2017. 
  77. «- NDC mediagroep - De Krant van Toen». www.dekrantvantoen.nl. Henta 21. januar 2023. 
  78. Telewizja – sobota – 25 V. Dziennik Polski (Krakowskie Wydawnictwo Prasowe RSW "Prasa-Książka-Ruch"). 24. mai 1985. s. 8. 
  79. «Csehszlovák televízió – szombat június 1». Rádió- és Televízió-újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 27. mai 1985. s. 26. Arkivert frå originalen 14. januar 2023. Henta 21. januar 2023.