Hoverla
Hoverla | |||
Говерла | |||
fjell | |||
Hoverla, september 2003
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Aust-Beskidane og Dei ukrainske Karpatane | ||
Fjellkjede | Tsjornohora (Karpatane) | ||
Topp | Vest-Ukraina | ||
- høgd | 2 061 moh. | ||
- koordinatar | |||
![]() Hoverla | |||
Wikimedia Commons: Hoverla | |||
Hoverla (ukrainsk Говерла, Hoverla; ungarsk Hóvár; rumensk Hovârla; Goverla, tsjekkisk og slovakisk: Hoverla, polsk Howerla, russisk Говерла) er med ei høgd på 2061 meter over havet det høgaste fjellet i Ukraina og ein del av Karpatane. Fjellet ligg aust i Beskidane i Tsjornohora. Fjellsidene er dekte av bøk- og granskog, og over skogane ligg det fjellenger kalla polonyna på ukrainsk. På austsida av fjellet ligg hovudkjelda til elva Prut.
Seint på 1800-talet vart fjellet eit kjent turistmål, særleg blant turistar frå nærliggande byar i Galicia. I 1880 var den første turistruta mellom toppen av Hoverla og Krasny Luh markert av Leopold Wajgel. Året etter vart den første hytta bygd her.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hoverla» frå Wikipedia på engelsk, den 7. september 2012.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- Guida tur på Hoverla
- Hoverla Arkivert 2010-11-23 ved Wayback Machine. - bilete og informasjon på tsjekkisk