Hovinbekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Hovinbekken i Oslo, som opphavleg heitte Hasla[1] og dessutan òg har vore kalla Klosterelva, Nonneelva og Munkebekken, er ein av dei bekkane i Oslo som går gjennom store utbygde område, og difor er vorte lagt i røyr på mesteparten av sin ferd ned gjennom byen mot Bjørvika i Indre Oslofjord. No går bekken i røyr frå Gladengen og ut i Akerselva, men vart opna att gjennom skulpturparken på Klosterenga i samband med at denne parken vart bygd. Opphavleg har bekken gått ut i Bjørvika i sitt eige bekkefar. Det vert no gjort mykje for å få bekken fram i ljoset att på utvalde strekningar, både av di opne bekkefar tek betre unna for nedbør, og av di bekken er eit attraktivt innslag i parkar og grøntområde.

Kjeldene til Hovinbekken ligg i skogsmarka i Grefsen- og Årvollsområdet, men bekken får tilførsle frå andre bekker under vegs; dei fleste av dei er òg lagt i røyr. Før den store lukkinga av bekken i 1879 rann han open heile vegen ned forbi Ensjø, Jordal, og Klosterenga og ut i Bjørvika nedanfor dagens kryss mellom gatene Grønlandsleiret og Schweigaards gate. Ved oset låg Nonneseter kloster i mellomalderen, og dette var årsaka til at bekken vart kalla Klosterelva eller Nonneelva. Nemninga «elv» kan tyde på at det var mykje større vassføring i bekken tidlegare enn det er i dag. Klosterelva var grensa for mellomalderbyen Oslo mot nord, og elva Alna utgjorde grensa mot sør.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Knut Are Tvedt (hovedred.) «Hasle» i Oslo byleksikon 4 utgåva, Oslo 2000: Kunnskapsforlaget, side 233

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]