Hovudområde i Wales
Utsjånad
Eit hovudområde i Wales (engelsk: principal area) er ei sameint styresmakt med lokalt sjølvstyre. Dei 22 hovudområda i Wales har forskjellige nemningar – 9 grevskap (counties), 3 byar (cities) og 10 grevskapsdistrikt (county boroughs) – men alle har same status. Hovudområda vart oppretta 1. april 1996.
Dei åtte grevskapa som eksisterte mellom 1974 og 1996 vert no kalla bevarte grevskap, og har visse seremonielle funksjonar.
|
Områda er grevskap, dersom dei ikkje er merkte med * (byar) eller † (grevskapsdistrikt). Walisiske namn står i parentes der dei avviker frå det engelske.
|
![]() |
