Neath Port Talbot
Neath Port Talbot | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
Areal |
442 km² |
Administrasjonsstad |
Port Talbot |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2007) - Folketettleik |
137 400 310,9 /km² |
Neath Port Talbot (walisisk Castell-nedd Port Talbot) er eit grevskapsdistrikt i Glamorgan i det sørlege Wales. Det grensar mot Bridgend, Rhondda Cynon Taff, Powys, Carmarthenshire og Swansea. Det har namn etter dei to viktigaste byene, Neath og Port Talbot. Sistnemnte er administrasjonsby.
Det vart oppretta 1. april 1996 ved at distrikta Neath og Port Talbot vart slått saman. Delar av Lliw Valley vart òg innlemma. Grevskapsdistriktet fekk namnet Neath og Port Talbot, men dette namnet vart endra 2. april 1996.
Stader i Neath Port Talbot[endre | endre wikiteksten]
- Aberdulais
- Briton Ferry
- Bryncoch
- Cadoxton
- Crynant
- Cymmer
- Glyn Neath
- Gwaun Cae Gurwen
- Margam
- Neath
- Pontardawe
- Pontrhydyfen
- Port Talbot
- Resolven
- Seven Sisters
- Skewen
- Ystalyfera
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Neath Port Talbot» frå Wikipedia på bokmål, den 15. desember 2009.