Hovudseriefinalen i fotball 1959

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hovudseriefinalen i fotball 1959 fann stad på Ullevål stadion i Oslo og vart avvikla med to kampar mellom Lillestrøm Sportsklubb og Fredrikstad Fotballklubb, etter som den fyrste kampen enda uavgjort.

Den fyrste finalekampen vart avvikla onsdag 21. juni 1959, like etter sesongslutt. Per Kristoffersen gav Fredrikstad FK leiinga alt i det 3. minutt og etter 14 minuttar stod det 2-0 etter eit sjølmål. Fem minuttar seinare reduserte Per Sæther til 1-2 på eit straffespark. Etter pausen utlikna Oddvar Richardsen til 2-2, noko som vart sluttresultatet.

Den andre og avgjerande seriefinalen fann stad fyrst etter sommarferien. Den 5. august 1959 møttest laga til ny dyst på Ullevål. Lillestrøm SK viste seg her som det beste laget og tok leiinga ved Hans Nylund, før Gunnar Arnesen auka til både 2- og 3-0. Oddvar Richardsen skåra Lillestrøms fjerde mål på straffe, før Henry Johannessen reduserte til 1-4 fire minuttar før dommaren bles av kampen.

Lillestrøm Sportsklubb sitt meisterlag bestod av Jann Samstad, Kjell Aspelin, Trond Willadsen, Rolf Wahl, Ivar Christiansen, Svein Bergersen, Ivar Hansen, Hans Nylund, Oddvar Richardsen, Gunnar Arnesen og Sverre Dag Hegtveit. Triumfen i Hovudserien var den einaste for Lillestrøm SK.

Fredrikstad FK mønstra målvakta Per Mosgård, backane Kjell Andreassen, Åge Spydevold, halfane Tore Nilsen, Reidar Kristiansen og Arne Pedersen, løparane Rolf Borgersen, NN, Henry Johannessen, Per Kristoffersen og Willy Olsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]