VM i fotball 1978

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over deltakarlanda
Finalearenaen i Buenos Aires, foto frå 1978

Verdsmeisterskapen i fotball 1978 vart avvikla i Argentina i tida 1.-25. juni 1978. Dei 38 kampane fann stad på seks arenaer i fem ulike byar; Buenos Aires (Estadio Monumental og Estadio José Amalfitani), Córdoba, Mendoza, Rosario og Mar del Plata. Vertslandet Argentina vann sin fyrste VM-tittel etter å ha vunne 3-1 over Nederland etter ekstraomgangar. Argentinas eigen Mario Kempes vart toppskårar i turneringa med seks mål.

Turneringsformatet var det same som i den førre VM-turneringaa. Dei 16 deltakarlanda vart delt i fire innleiingsgrupper, der dei to beste laga i gruppene gjekk vidare til mellomspel. Dei attverande åtte laga, gruppevinnarane Italia, Polen, Austerrike og Peru og gruppetoarane Argentina, Vest-Tyskland, Brasil og Nederland, vart så delt i to grupper. Vinnarane av mellomspelgruppene møttest så til finale, toarane i desse gruppene spelte bronsefinale. Nederland vann gruppe 1 framom Italia, medan Argentina sigra i gruppe 2 framom Brasil. Brasil vann bronsefinalen 2-1 over Italia.

Lagoppstillingane i finalen, Argentina i stripete trøyer

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom Argentina og Nederland gjekk føre seg på Estadio Monumental i Buenos Aires, der 71 483 tilskodarar såg Mario Kempes gav heimelaget leiinga etter 38 minuttar og Dick Nanninga utlikne i det 82. minutt. På tampen av fyrste ekstraomgang gav Kempes Argentina leiinga på ny, før Daniel Bertoni skåra Argentinas tredje mål i det 115. minutt.

Argentina stilte med fylgjande mannskap finaledagen: Ubaldo Fillol, Daniel Passarella, Jorge Olguín, Luis Galván, Alberto Tarantini, Osvaldo Ardiles, Mario Kempes, Américo Gallego, Daniel Bertoni, Leopoldo Luque og Oscar Ortiz. Kring midten av andre ordinære omgangen kom fyrst Omar Larrosa og så René Houseman inn for høvesvis Ardiles og Ortiz.

Nederland mønstra: Jan Jongbloed, Wim Jansen, Ernie Brandts, Ruud Krol (kaptein), Jan Poortvliet, Willy van de Kerkhof, Arie Haan, Johan Neeskens, René van de Kerkhof, Johnny Rep og Rob Rensenbrink. Dick Nanninga tok plassen til Rep i det 59. minutt og Wim Suurbier tok over for Jansen i det 72. minutt.

Sergio Gonella frå Italia dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]