Hunnestadmonumentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hunnestadmonumentet slik Ole Worm har synt det i bokverket Monumenta Danica frå 1643. Steinane 1, 2 og 4 på biletet er no på museet Kulturen i Lund. Steinane 5 og 6 er ikkje funne att. Steinane 3, 7 og 8 ser ut til å vere bautasteiner utan bilete eller runeinnskrift. Samanlikning med dei steinane som er att av monumentet, syner at framstillinga er til å lite på.

Hunnestadsmonumentet var ei samling av åtte reiste steinar, av dei to runesteiner og tre biletsteiner, som stod på Hunnestad i Skårby i Ystads kommun i Skåne i Sør-Sverige. I si tid var dette det mektigaste vikingtidsmonumentet i Skåne. Men på eit tidspunkt vart steinane fjerna, og seks av dei vart attfunne meir eller mindre øydelagde i 1814 i eit steingjerde ved Marsvinsholms slott i Balkåkra i Ystads kommune. Berre den minste runesteinen og ein biletstein var uskada. Den andre og større runesteinen, som har eit bilete av ein mann med ei øks, har i tidas løp kunna kompletterast av fragmenta som etter kvart vart funne. I dag er det som er att av monumentet plassert på museet til Kulturhistoriska föreningen för södra Sverige, Kulturen, i Lund i Skåne.

Den einaste biletsteinen som er att frå Hunnestadsmonumentet, DR 284, synar ein person som rir på ein ulv. Dette har mange rekna med må vere ei framstilling av jotunkvinna Hyrrokkin på veg til gravferda til guden Balder, slik Snorre Sturlason fortel om i Gylfaginning i si Edda.

Runeinnskriftene[endre | endre wikiteksten]

Runesteinen DR 282 er utstyrt med ein kross. Runeinnskrifta er tolka slik:

  • «Esbern och Tomme dei sette stein denne etter Roi og Lekfröjd, søner [til] Gunne Hand.»

Runesteinen DR 283 synar ein mann som ber ei stridsøks på aksla. Runeinnskrifta på denne steinen er tolka slik:

  • «Esbern sette stein denne etter Tomme, son [til] Gunne Hand.»

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]