Lund i Skåne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°42′4.2984″N 13°11′38.015″E

Lunds byvåpen

Lund er ein svensk by i Skåne län i landskapet Skåne, 15 km nordaust for Malmö. Lund er saman med Sigtuna den eldste byen i Sverige. Han er administrasjonssenter for Lunds kommun og i 2011 hadde byen 82 800 innbyggjarar.

Lund ligg på den fruktbare sørvestskånske sletta og er eit gammalt handels- og kultursentrum. I dag er byen òg eit jernbaneknutepunkt. Byen har ein allsidig industri (bl.a emballasjeindustri, maskin- og verktøyindustri), men er meir kjent som gammalt bispesete og som universitetsby. Her er eit historisk museum, kulturhistorisk museum og ein botanisk hage.

I løpet av seinare år har samarbeidet mellom universitetet og det private næringslivet, bl.a gjennom framvoksteren av forskarbyen IDEON, mevderka til at ein stor forskningsintensiv høgteknologisk industri har vakse fram. Det er omtrent 30 000 studentar i Lund.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lund blei grunnlagt omkring år 990, truleg ved at folk flytta frå Uppåkra, og han blei bispesete kring år 1050. I 1085 blei Katedralskolan i Lund grunnlagt som den eldste skulen i Norden. I første halvdel av 1100-talet blei domkyrkja, eit kloster og fleire mindre kyrkjer bygd, og i 1103 blei Lund sete for den danske erkebiskopen for heile Norden. Lund blei den viktigaste byen i Danmark og hadde 3 000-4 000 innbyggjarar. Under heile mellomalderen var byen eit kulturelt midtpunkt for Norden, og i si velmaktstid hadde han 27 kyrkjer og sju kloster. På byrjinga av 1300-talet vart Lund mindre viktig til fordel for Malmö, som voks hurtig, og Lund blei redusert til berre det kyrkjelege sentrumet.

Under reformasjonen blei stillinga til Lund endra då erkebispesetet blei nedlagt og eigedomane til den katolske kyrkja blei sekularisert. Ved freden i Roskilde i 1658 blei Lund, saman med Skåne, Halland og Blekinge, svensk og i 1666 blei Lunds universitet grunnlagt.

Byggverk i Lund[endre | endre wikiteksten]

Lund domkyrkje er eit av dei mest kjende romanske byggverka i Sverige. Bygginga starta under Knut den heilage 1080–86 og vart vigd til St. Laurentius i 1145. Kyrkja er oppført av sandstein som ein basilika med tre skip og med den største krypta i Norden. Dei to tårna frå slutten av 1100-talet vart nyoppført på 1800-talet. I nærleiken av universitetet (1668) ligg det gamle parkanlegget Lundagård med Lundagårdshuset frå 1570-åra, opphavleg kongebustad, seinare universitetsbibliotek, no forelesningssalar. I nord er store område teke i bruk til sjukehus og forskningsinstitusjoner.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lund i Skåne