Husedalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Husedalen er ein dal som kjem ned frå Hardangervidda og tek slutt i Kinsarvik i Hardanger. Husedalen er eit populært turistmål fordi han er ein av dei lettaste måtane å koma seg opp på Hardangervidda til fots på, og fordi han inneheld fire fossefall.

Elva Kinso renn gjennom heile dalen. Det er den same elva som styrtar seg ned i dei 4 vakre fossefalla. Dersom ein går oppover frå Kinsarvik, passerer ein fyrst Tveitafossen, deretter Nyastølsfossen etterfølgd av Nykkjesøyfossen og til slutt den høgaste av dei 4, Søtefossen. Ein tur frå Kinsarvik til Søtefossen og attende tek ca. 5 - 6 timar.

Dersom ein går opp heile Husedalen frå Kinsarvik, har ein allereie kome seg opp på Hardangervidda. Det nærast tilgjengelege turmålet er DNT si turisthytte på Stavali. Dette er ein populær dagstur for turistar som likar å gå i fjellet. I tillegg til stien som går heilt opp til Stavali, er det bygt skogsveg opp til Nykkjesøyfossen.

I den nedre delen av Husedalen veks det ein del furuskog. Huseskogen er eit flott område for bærplukking om hausten.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Fotturar i Ullensvang