Kinso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°20′21″N 06°47′37″E

Nyastølsfossen er ein av dei fire fossane Kinso dannar i Husedalen.
Kinso bru i Kinsarvik
Nedanfor Kinso bru

Kinso er ei elv i Ullensvang herad i Hardanger i Hordaland. Elva tek til på den nordvestlegaste delen av Hardangervidda, felle ned gjennom Husedalen gjennom ei rekkje spektakulære fossar, og munnar ut i Hardangerfjorden i Kinsarvik. Elva har gjeve namn til tettstaden Kinsarvik. Ho er varig verna mot kraftutbygging, og store delar av nedbørfeltet på 292 kvadratkilometer ligg innanfor grensene til Hardangervidda nasjonalpark.

Elveløp[endre | endre wikiteksten]

Elva tek til i to greiner: Stora Kinso som har utspring i fleire små vatn sør for Hårteigen, og Vetla Kinso, som kjem frå områda aust for Høgahæ. Dei to elvane møtest i Nedsta Onkjelvatnet (1 197 moh.). Dette er utspringet for hovudelva Kinso, som renn nordover derifrå til Veivatnet (1 172 moh.), den største innsjøen i vassdraget. Frå Veivatnet held Kinso fram mot nordvest gjennom ein brei og vid dal med fleire mindre innsjøar, til ho ved Rjuvavatnet (900 moh.) når kanten av den djupe og tronge Husedalen.

Frå Rjuvavatnet fell elva ned i Husedalen gjennom den 246 meter høge Søtefossen. Vidare nedover dalen renn elva over fleire botnforma hyller med fossar imellom. Etter Søtefossen kjem den tronge Nykkjesøyfossen, deretter den langstrakte, 180 meter høge Nyastølsfossen. Nedst ligg Tveitafossen, som er utbygd med eit lite kraftverk, Kinso Kraftverk. Nedanfor Tveitafossen vert dalen breiare, og Kinso møter sideelva Vivippo som kjem frå aust. Elva munnar ved Kinsarvik ut i Kinsarvikbukti i Hardangerfjorden, ved Kinsarvik kyrkje.

Flaum[endre | endre wikiteksten]

I november 1940 var det flaum i Kinso som gjorde stor skade på jordeigedomar ved utløpet. Faren for flaum har vorte redusert etter dette, ved å endra elveløpet frå to til eitt løp.

Også i 1743 skal det ha vore ein stor flaum i Kinso. Flaumen truga kyrkja og drog med seg delar av kyrkjegarden. I Af Provst Nils Hertzbergs Optegnelser fra Ullensvang i Hardanger står det at det vart halde for sanning at kista til Engel Ringøen, som var teken av flaumen og ført på fjorden, rak i land att i heimstøa hans på Ringøy.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]