I'll Find My Way Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«I'll Find My Way Home» er ein song skriven av Jon Anderson og Vangelis for Jon and Vangelis-albumet The Friends of Mr Cairo i 1981. Songen vart òg gjeven ut på singel seinare det året. Han nådde sjetteplassen i Storbritannia, og vart ein internasjonal hit.[1] Songen låg 14 veker på den sveitsiske lista og nådde førsteplassen der i mars 1982. Han nådde òg toppen av singellista i Polen i april same året.

Songen er seinare spelt inn av mange andre artistar, som Demis Roussos, Chayanne, Gregorian og Project Pitchfork.

Songen vart nytta i filmen The Challengers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th ed.). London: Guinness World Records Limited. p. 288. ISBN 1-904994-10-5.