Page of Life

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Page of Life
Studioalbum av Jon and Vangelis
Utgjeve 26. august 1991
Innspelt 1991
Sjanger Elektronisk musikk
Selskap Arista
Jon and Vangelis-kronologi
The Best of Jon and Vangelis
(1984)
Page of Life Chronicles
(1994)


Page of Life er det fjerde studioalbumet til Jon and Vangelis. Det vart spelt inn i 1986 i Aten og Roma, og gjeve ut i 1991 på Arista Records. Så langt er dette det siste studioalbumet deira i lag. Det var først ikkje tilgjeneleg i USA, men vart sidan gjeven ut på ny av Higher Octave med bonussporet «Change We Must», men mangla fire andre songar og hadde nokre andre skilnader.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Allmusic-skribenten Jonathan Widran skildrar songane på Page of Life som «utrulege utstillingsmonter» for synginga til Anderson og instrumenteringa til Vangelis. Tekstane vert skildra som «skarpe samfunnskommentarar».[1]

The Kitchener-Waterloo Record skildrar albumet som «gjennomgåande behagleg».[2]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Jon Anderson, all musikk komponert av Vangelis.

# Tittel Lengd
1. «Wisdom Chain»   5:21
2. «Page of Life»   3:16
3. «Money»   6:07
4. «Jazzy Box»   3:14
5. «Garden of Senses»   6:23
6. «Is It Love»   4:27
7. «Anyone Can Light A Candle»   3:46
8. «Be A Good Friend of Mine»   4:14
9. «Shine For Me»   4:10
10. «Genevieve»   3:48
11. «Journey To Ixtlan»   5:50
12. «Little Guitar»   1:45

Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Den alternative amerikanske utgåva kom ut i 1998, og er ikkje godkjend av Vangelis. Denne alternative versjonen er ganske annleis den originale:

  • Songen «Change We Must» er lagt til.
  • Songane «Jazzy Box», «Is It Love», «Be A Good Friend of Mine» og «Journey to Ixtlan» er ikkje med.
  • «Wisdom Chain» finst i ein lengre versjon som er nesten dobbelt så lang som den originale.
  • Fleire andre spor har forskjellige miksar, særleg «Garden of Senses» og «Money».
  • Sporlista har anna rekkefølgje.
# Tittel Lengd
1. «Change We Must»   6:28
2. «Anyone Can Light A Candle»   3:43
3. «Page of Life»   3:17
4. «Money»   5:45
5. «Little Guitar»   1:42
6. «Garden of Senses»   6:42
7. «Genevieve»   3:45
8. «Shine For Me»   4:01
9. «Wisdom Chain»   10:44

2013-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 2013 gav Cherry Red Records ut ei remastra utgåve av Page of Life"», i tillegg til fem andre Vangelis-album. Det inneheld dei same songane som 1991-utgåva, med eitt bonusspor i tillegg, «Sing With Your Eyes».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Anderson - Vokal
  • Vangelis - Klaverinstrument, synthesizerar, programmering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Widran, Jonathan. «Page of Life - Jon & Vangelis». Allmusic. Henta 17 March 2011. 
  2. «Sounds». Kitchener-Waterloo Record (Kitchener, Ontario). 6 February 1992. s. C.7. Henta 9. september 2014.